Barry Dransfield () er ein engelsk visesongar, felespelar, cellist og gitarist. Han har spelt mykje som studiomusikar for mange andre artistar, og gjeve ut eigne album. Rout of the Blues (1971) vart i Melody Maker kåra til årets folkemusikkalbum. I motsetnad til mange fiolinistar spelar Dransfield vanlegvis med fele på brystet og ikkje under haka.

I 1969 vart han og broren Robin Dransfield inviterte med i Ashley Hutchings sitt Steeleye Span, men avslo.

Dransfield har skrive mykje musikk for film og fjernsyn. Han spelte rolla som blind felespelar i The Bounty (1984) (med Mel Gibson og Anthony Hopkins). I 1986 byrja han å reparere fiolinar og celloar.

Diskografi

Rout of the Blues (1970) (med Robin Dransfield) Lord of All I Behold (1971) (med Robin Dransfield) Morris On (1972) (med Ashley Hutchings, Richard Thompson, John Kirkpatrick med fleire) Barry Dransfield (1972) The Fiddler's Dream (1976) som medlem av bandet The Dransfields Popular to Contrary Belief (1977) (med Robin Dransfield) Bowin' and Scrapin''' (1978) Be Your Own Man (1994) Troubadours of British Folk, Vol. 1 (1995) (antologi) Wings Of TheSphinx (1996) Unruly'' (2005)

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:Engelske felespelarar Kategori:Britiske folkrockmusikarar Kategori:The Albion Band-medlemmar