DS «Bjørgvin» var ein norsk hjuldampar som gjekk i rute frå Lærdal til Stavanger via Bergen frå 1839.
Historie Hovudpostruta mellom Bergen og Oslo gjekk frå Bergen med seglbåt til Lærdal, og så over Filefjell til Oslo. I slutten av 1830-åra byrja ein derfor å undersøkje høvet til å få til dampskipfart mellom Lærdal og Bergen og Stavanger. På denne tida var det berre DS «Constitutionen» som to gonger om sommaren gjekk i rute mellom Oslo og Bergen.
Eit privat bergensselskap kjøpte ein dampbåt frå England som kom til Bergen i september 1839. Denne fekk namnet «Bjørgvin». For kvar tur fartøyet gjekk mellom Bergen og Stavanger, fekk selskapet 110 spesidalar i tilskot frå staten, men dei fekk ingenting for ruta til Lærdal. Då tilskotet seinare vart redusert til 150 spesidalar i året, måtte selskapet gje opp ruta i 1841.
I 1844 vart «Bjørgvin» kjøpt av nye eigarar, Herman Bredal og Jørgen Brunchorst, og fartøyet byrja på ny å gå i ruta Bergen-Lærdal. Skipet gjekk i denne ruta til ho forliste ved Skjerjehamn i Gulen kommune i 1855. Natt til 24. november eller desember 1855 gjekk fartøyet på eit skjer. Fartøyet tok inn vatn, men alle om bord, kring 60-70 personar, post og ein del av lasta, vart frakta i land ved hjelp av skipsbåten før skipet glei av grunna og sokk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske hjuldamparar Kategori:Skip frå Storbritannia Kategori:Skip frå 1830-åra Kategori:Forlis i 1855