Dancehall Sweethearts er det tredje studioalbumet til det irske rockebandet Horslips. Det vart spelt inn medan fotball-VM 1974 pågjekk og var laust basert på reisene til den kjende blinde harpespelaren Turlough O'Carolan på 1700-talet. Tittelen og omslaget vart valde ut av bandet etter at plateselskapet deira var redde for at eit album om ein blind, irsk harpespelar ikkje kom til å selje bra nok.

Horslips brukte blåsarar på fleire av songane på albumet og songar som «Nighttown Boy» og «Sunburst» har element av blues, som òg var nytt for stilen deira. Som på dei to første albuma blanda Horslips tradisjonelle irske jig-ar og reel-ar inn i rockesongane sine. Det vart spelt inn ein video for den irske rikskringkastinga, RTÉ, der Horslips framfører «King of the Fairies» på taket til hovudkvarteret til Bank of Ireland i 1975.

Innhald

Medverkande Barry Devlin - bass, vokal Johnny Fean - gitar, banjo, vokal Jim Lockhart - klaverinstrument, fløyte, tinnfløyte, vokal Eamon Carr - trommer, bodhrán, perkusjon Charles O'Connor - fele, mandolin, concertina, vokal

Teknisk Fritz Fryer - produsent, lydteknikar George Sloan - lydteknikar Paul Watkins - assisterande lydteknikar Ray Russell - blåsararrangement Ian Finlay - fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dancehall Sweethearts» frå , den 26. mai 2019.

Bakgrunnsstoff Den offisielle Horslips-sida om albumet

Kategori:Horslips-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Album spelte inn i Rockfield Studios