Affordable Space Adventures er eit hjernetrim-eventyrspel utvikla og utgjeve av NapNok Games, i samarbeid med Nifflas.

Spelet var utgjeve til Wii U gjennom tenesta Nintendo eShop den 9. april 2015. Spelaren skal kontrollere og manøvrere eit romskip gjennom ulike miljø ved bruk av peikeskjermen Wii U Gamepad. Opp til to fleire spelarar kan ta del i spelet ved å bruke Wii Remote, der dei kan ta kontroll over rørsla eller skannefunksjonane til romskipet.

Affordable Space Adventures fekk ei oppdatering 12. november 2015, som la til ekstra innhald.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Dataspel frå 2015 Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Wii U-spel