1965: Their First Recordings er ein EP av Pink Floyd (på den tida kalla The Tea Set), med songar spelte inn kring jula 1964 av bandet. Trommene og gitaren vart spelte inn «på direkten», medan vokalen og pianoet vart lagt til seinare. EP-en vart gjeven ut som ei spesialutgåve på to avgrensa 7"-vinylplater, avgrensa til 1 050 eksemplar (1000 i butikken, 50 som marknadsføring) berre tilgjengeleg i EU, for å forlengje opphavsretten på innspelingane. Desse er dei einaste offisielle utgjevne songane med gitaristen Rado Klose og Juliette Gale, den første kona til Richard Wright. Dette er dei tidlegaste innspelingane av Pink Floyd som er kommersielt tilgjengeleg, med fem originale songar skrivne av Syd Barrett og Roger Waters, og ein coverversjon av Slim Harpo. Songane vart seinare gjevne ut på 1965–1967: Cambridge St/ation-delen av plateboksen The Early Years 1965-1972.
Innhald All vokal av Syd Barrett, utanom «Walk with Me Sydney» av Syd Barrett, Juliette Gale og Roger Waters.
Medverkande Pink Floyd Syd Barrett – solovokal, elektrisk gitar Rado Klose – elektrisk gitar Nick Mason – trommer Roger Waters – bassgitar, korvokal, felles solovokal på «Walk with Me Sydney» Richard Wright – klaverinstrument (spor 3-6)
Andre medverkande Juliette Gale – felles solovokal på «Walk with Me Sydney» Produksjon Andy Jackson – mastering Ray Staff – mastering
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «1965: Their First Recordings» frå , den 20. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:EP-ar frå 2015 Kategori:Pink Floyd-album Kategori:Parlophone-album Kategori:Beat-album