Marc Robert Wilmots () er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar frå Dongelberg. Han spelte 70 landskampar for Belgia og skåra 28 mål. Han representerte Belgia under VM i 1990, VM i 1994, VM i 1998, EM i 2000 og i VM i 2002.

Etter at han la opp som spelar gjekk han inn i trenarrolla, der han var hovudtrenar for Schalke 04 (2003) og Sint-Truidense (2004-2005). Etter dette fungerte han som senator for det politiske partiet Movement Réformateur, men han trekte seg frå vervet i 2005.

I 2009 blei han assistenttrenar for Belgia, fyrst under hovudtrenar Dick Advocaat og seinare under Georges Leekens. 15. mai 2012 rykka han opp som midlertidig hovudtrenar etter Leekens og skreiv seinare under på ein 2 års-kontrakt. Belgia vann si kvalifiseringsgruppe til VM i 2014 med åtte sigrar, to uavgjorde og ingen tap. Då han overtok landslaget låg dei på 44. plass på FIFA-rankingen, men i juni 2014 låg dei på 11. plass

 Merittar Belgisk ligameister: 1988 med KV Mechelen Belgisk cupmeister: 1993 med Standard Liège Tysk cupmeister: 2002 med Schalke 04 Vinnar av UEFA-cupen: 1997 med Schalke 04

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Belgiske politikarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1990 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:Bordeaux-spelarar Kategori:Belgiske fotballtrenarar