Andrej Sjarhejevitsj Krautsjanka () er ein kviterussisk tidlegare mangekjempar frå Petrykau i Homjel voblasts i Kviterussland. Han vart europameister i tikamp i 2014 og vann OL-sølv i same øvinga i 2008.
Aktiv År 2007 vann Krautsjanka meistermøtet i tikamp i Götzis, han sanka 8 617 poeng og sette ein personleg rekord som vart hans endelege. Seinare same sommaren vart han diskvalifisert på 100-meteren i tikampen ved VM i Osaka og spolerte heile tevlinga. Året etter heldt han med sine 8 551 poeng unna for kubanaren Leonel Suárez og tok sølvmedaljen i tikampen under dei olympiske leikane i Beijing, vinnaren Bryan Clay frå USA var i ei heilt eiga klasse.
Etter å ha vorte tredjemann ved EM 2010, var Krautsjanka mykje plaga av skadar i 2011 og -12. I 2014 kom han tilbake i gammalt toppslag og sikra seg sigeren i europameisterskapen i Zürich med 8 616 poeng, eitt poeng under sitt personbeste frå 2007.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2007 i Osaka: Braut OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje – 8 551 poeng, bakom Bryan Clay (8 791) VM 2009 i Berlin: Nr 10 – 8 281 poeng EM 2010 i Barcelona: Bronsemedalje – 8 370 peng VM 2013 i Moskva: Nr 12 – 8 314 poeng EM 2014 i Zürich: Gullmedalje – 8 616 poeng, framom Kévin Mayer (8 521)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Andrej Krautschanka» frå , den 21. august 2019. Denne artikkelen bygger på «Andrei Krauchanka» frå , den 21. august 2019.
World Athletics
Kategori:Belarusiske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Belarus Kategori:Europameistrar i friidrett for Belarus Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Belarus Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Belarusiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014