Berg kyrkje var ei kyrkje i mellomalderen som stod i Vestfossen i Øvre Eiker kommune i Buskerud fylke.

Kyrkja vart omtala på slutten av 1300-talet, og var då ei soknekyrkje. Seinare vart ho lagd under Haug sokn, og dermed vart ho redusert frå kyrkje til kapell, og bruken avtok. Gudsteneste vart halde berre to–tre gongar i året. Kyrkja forfall etter kvart, og på slutten av 1500-talet vart ho omtala som «plat ødelagt, nedbrot i grunden».

Det er truleg altartavla frå Berg som vart brukt i Haug kyrkje, og som vart skadd i brannen der i 1818. Men altartavla overlevde og vart brukt i Vestfossen kapell frå 1902. Ho vart restaurert i 1987. Seinare er ho overført til Vestfossen kyrkje.Vestfossen kirke på Kunsthistorie.com.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berg kirke (Vestfossen)» frå , den 1. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Øvre Eiker Kategori:Kulturminne i Øvre Eiker