Maria Komnene (fødd 1154, død 1208/17) var ei bysantinsk prinsesse og dronning av Jerusalem gjennom ekteskapet med kong Amalrik I av Jerusalem.
Maria var dotter av den bysantinske prinsen Johannes Komnenos, som var hertug av Kypros og brorson av keisar Manuel I Komnenos, og Maria Taronitissa. Etter at ekteskapet hans med Agnes de Courtenay var blitt annullert i 1163 bad Amalrik om å få gifta seg med eit medlem av det bysantinske keisarhuset som ein allianse. Keisar Manuel valde då ut Maria til han. Giftarmålet blei inngått i Tyrus i 1167 med stor feiring. Då Amalrik døydde i 1174 fekk Maria Nablus som personleg len etter testamentet hans, og forlét hoffet. I 1177 gifta ho seg med Balian av Ibelin. Maria arrangerte ekteskapet mellom Alice av Champagne og Hugo I av Kypros i 1208, og dette er det siste høvet ho er omtalt frå. Ho døydde før 1217, då ho er bekrefta som død.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Maria Komnena (drottning av Jerusalem)» frå , den 1. september 2019.
Kategori:Fødde på 1100-talet Kategori:Døde på 1200-talet Kategori:Dronningar av Jerusalem