Freeway Madness er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet The Pretty Things. Det kom ut seint i 1972 på Warner Bros. Records.

Det var det andre albumet deira utan gitaristen Dick Taylor og det første utan bassisten Wally Waller som fulltidsmedlem, som hadde vore i bandet sidan 1967. Men han produserte albumet og song vokal på eitt spor. Sidan han arbeidde som produsent for EMI på denne tida, vart han oppført under pseudonymet «Asa Jones».

Innhald

Medverkande The Pretty Things Phil May – solovokal Pete Tolson – gitar Jon Povey – klaverinstrument, vokal Stuart Brooks – bassgitar Skip Alan – trommer

Andre musikarar Gordon Huntley – pedalsteelgitar på «Country Road» Wally Waller – vokal på «Over the Moon» Don Harper – bratsj Billy Reid – fiolin Johnny Van Derrick – fiolin Peter Willison – cello

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Freeway Madness» frå , den 11. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:The Pretty Things-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Plateomslag av Hipgnosis