mini|Fotografi av det britiske Underhuset frå 1851, det vart treft av tyske bombar under andre verdskrig, stort sett gjenoppbygd slik det var. Eit underhus eller andrekammer er eit av to kammer i ei politisk forsamling med to kammer; det andre er overhuset eller førstekammeret.Bicameralism (1997) av George Tsebelis. Det er typisk ei større forsamling enn det tilsvarande overhuset, og har gjerne folkevalde medlemmer, medan overhuset kan ha medlemmer med ein annan bakgrunn.

Underhuset deler lovgjevande makt med overhuset, men har i dag ofte større makt enn overhuset. I parlamentariske system er det vanlegvis underhuset åleine som vel regjeringssjef, og som kan fjerna denne gjennom mistillitsforslag.

Døme på underhus

House of Commons (Storbritannia) House of Commons i Canada Forbundsdagen (Tyskland) Congreso dei lós Diputados i Spania Camera dei Deputati i Italia Huset til representantane (USA) Nasjonalforsamlinga i Sør-Afrika Representanthuset i Fiji

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Underhus» frå , den 18. september 2019.

Kategori:Lovgjevande forsamlingar