mini|Bevarte portalplankar frå Veum stavkyrkje Veum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veum i Fyresdal kommune i Telemark som vart riven omkring 1727, då ho vart avløyst av ei ny kyrkje. Stavkyrkja stod på den gamle kyrkjestaden ved Kyrkjegardsekra ved Veum sørigard (gnr./bnr. 85/1), eit par kilometer nordaust for dagens kyrkje. Kyrkja frå 1727 stod på same staden som stavkyrkja, medan dagens kyrkje (vigsla i 1863) står lengre mot sørvest.

Kyrkja er omtala i 1483 og elles hos Jens Nilssøn. Ho er skildra som ei stavkyrkje i ein synfaringsrapport frå 1668, der det går fram at kyrkja er i dårleg stand. Frå stavkyrkja er det teke vare på eit par portalplankar. Lorentz Dietrichson seier om dei: «Da imidlertid udskjæringene er meget bedre end de i den til 1370 daterede Tuddals kirke, maa Veum antages at være ikke lidet ældre end denne.» Lite synest elles å vere kjent om korleis kyrkja såg ut. Forutan portalplankane er det teke vare på eit krusifiks og ein altarkalk frå stavkyrkja.

Kjelder

Dietrichson (1892), s. 414–415. Bibliografi Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 109–110

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Fyresdal Kategori:Kyrkjer i Fyresdal