Triduum (latin, fleirtal tridua) er ei religiøs høgtid som varer i tre dagar.John Wynne, «Triduum» i The Catholic Encyclopedia (New York 1912)]

Eit viktig døme er dei tre dagane i den stille veka, skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Desse dagane kan ein i katolsk tradisjon kalla triduum paschale eller triduum sacrum. Dagane kan markerast «som ei samanhengande gudsteneste som steg for steg fylgjer Jesus frå den øvre salen til Getsemane, på Via Dolorosa til forhøyr i Jerusalem, til Golgata og grava i hagen.»

Andre triduum-høgtider i vestleg kristendom er bønedagar knytte til 25. april og Kristi himmelferdsdag, juledag og pinse saman med dei første to dagane i oktaven sin. I austleg kristendom kan dei finna stad i samband med større høgtider som trettande dag jul saman med dagen før og etter (vigd til Johannes døyparen) og juledag følgd av synaksen til theotokos (Guds mor) og den tredje juledagen.

Sjå òg

Novene

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Triduum» frå , den 13. oktober 2019.

Kategori:Katolsk liturgi Kategori:Den stille veka Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Talet 3