On the Double er det fjerde studioalbumet til det nederlandske rockebandet Golden Earring, gjeve ut som eit dobbeltalbum i 1969.
Det var det siste albumet dei gav ut under namnet Golden Earrings, før dei droppa s-en i namnet, og det siste med trommeslagaren Jaap Eggermont, som slutta i bandet for å bli plateprodusent.
Mottaking Allmusic skreiv om albumet: «Det er berre vanleg, sein 60-tals rock, men absolutt betre enn dei fleste andre ikkje-engelsktalande land gjorde på den tida. Det skil seg derimot ikkje særskild mykje ut. Det er nokre riff-prega songar som hintar om retninga dei kom til å ta inn i 1970-åra. Her er akustiske viser, folkrock, hardrockande poprock, pompøs rock med element av klassisk musikk, soulpop og ein sjølvmedviten varieté-parodi.»
Innhald Alle songane er skrivne av Kooymans utanom der andre er nemnde.
Medverkande George Kooymans - gitar, vokal Rinus Gerritsen - bass, klaverinstrument Barry Hay - fløyte, rytmegitar, vokal Jaap Eggermont - trommer
Andre medverkande Fans Mijts - orkesterarrangement Cees Schrama - klaverinstrument Niko Venneker - saksofon
Teknisk Fred Haayen - produsent Gerard Beckers - lydteknikar Bary Hay - design Ronnie Herts og Claude van Heye - fotografi
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «On the Double (album)» frå , den 24. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Polydor Records-album