Cut er det 16. studioalbumet til det nederlandske hardrockbandet Golden Earring, gjeve ut i 1982. Albumet inneheld hitsongen «Twilight Zone», som gjekk til topps i Nederland og til topps på den amerikanske Billboard Hot Mainstream Rock Tracks. Han nådde òg tiandeplassen på Billboard Hot 100.)

Plateomslaget er eit bilete frå 1964 kalla Cutting the Card Quickly teken av M.I.T.-professoren «Doc» Edgerton som syner eit ruter knekt-kort som vert delt på tvers av ei kule. Biletet vert nytta i musikkvideoen til «Twilight Zone».

Det vart òg laga musikkvideo til den andre singelen frå albumet, «The Devil Made Me Do It», men denne songen og videoen vart lite spelt i USA fordi teksten inneheldt ordet «bullshit.»

Innhald

Medverkande Golden Earring Rinus Gerritsen - bass, klaverinstrument Barry Hay - gitar, vokal George Kooymans - gitar, vokal Robert Jan Stips - synthesizer Cesar Zuiderwijk - trommer

Teknisk Produsent: Shell Schellekens Lydteknikar: John Kriek Digital mastering: Dick Van Leeuwen Blåsearrangement: Hans Hollestelle Fotografi: Harold Edgerton, Kees Tabak Skrift: Koos O.

Salslister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1983Top LPs & Tape (Billboard)24

Singlar - Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1983«Twilight Zone»Top Tracks (Billboard)11983«Twilight Zone»Billboard Hot 100101983«The Devil Made Me Do It»Billboard Hot 100 79

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Cut (Golden Earring album)» frå , den 28. november 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Golden Earring-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:PolyGram-album