Peter Pan er ein amerikansk animert eventyrfilm frå 1953, produsert av Walt Disney. Han er den 14. animerte Disney-langfilmen og opphavleg utgjeven 5. februar 1953 av RKO Radio Pictures. Peter Pan var den siste animerte Disney-langfilmen som vart gjeven ut gjennom RKO, før Walt Disney skipa sitt eige distribueringsselskap, Buena Vista Distribution. Filen var også den siste Disney-filmen der alle ni medlemmene av «Disney's Nine Old Men» arbeidde saman som regisserande animatørar. Kathryn Beaumont, Heather Angel og Bill Thompson, som saman gav stemmer til 1951-filmen Alice in Wonderland, returnerer som stemmeskodespelarar i denne filmen.

Peter Pan fekk i 2002 ein oppfølgjar under tittelen Return to Never Land. Ein serie av rett-på-DVD-forløparar produserte av DisneyToon Studios, som fokuserte på feen Tinker Bell, byrja i 2008.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Animasjonsfilmar frå Disney Kategori:Disney-filmar Kategori:Eventyrfilmar Kategori:Filmar frå 1953 Kategori:Filmar frå USA