mini|Sju slag småkaker i ein boks. Sju slag kaker eller dei sju slaga viser til tradisjonar om å ha sju ulike typar småkake til eit visst høve.
I nyare norsk samanheng viser det til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup. I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap.
Kakene kan vera av ulike deigtypar, men det finst fleire oppskrifter på sju kakeslag laga av ein grunndeig.
Sju slag i Noreg mini|Ulike julekaker på eit fat. Sju slag blir ofte nemnd i samband med julebakst i Noreg. Det er ikkje kjend korleis omgrepet oppstod, og det er ikkje funne prov for at dette er ein gammal skikk. Talet på kaker ein laga til jul kunne variera til opptil 20 på storgardar tidleg på 1900-talet. Den eldste omtalen av sju slag kaker Henry Notaker har funne var til eit bryllaup på Vestlandet for rundt hundre år sidan.
Mange av kakeslaga som blir nemnde som del av dei sju har kome til landet nokså nyleg. Ei rekkje av dei blir laga i steikeomn, som berre byrja bli utbreidd i Noreg frå midten av 1800-talet. Tidlegare var det vanlegast å steika kaker i jern eller frityrsteika dei i smult.
Gamle kaker steikte i jern er til døme goro, avletter og skrivarbrød. Kaker steikte i smult, som ein tradisjonelt fekk frå grisen ein slakta til jul, kunne vera smultringar, hjortetakk og rosettbakkels. På 1700-talet skilde ein ikkje mellom julekaker og andre småkaker. Julekaker blei først definerte som særskild knytte til høgtida på 1800-talet.
Kva kaker som eventuelt høyrer til dei sju slaga kan variera, men vanlege typar er: Berlinerkrans Fattigmann Goro Hjortetakk Kokosmakron Kransekake Krumkake Peparkake Sandkake Serinakake Sirupssnipp Smultring
Sju slag i Sverige mini|Småkaker ved Skoklosters slott i Sverige. I Sverige kan ein ha sju sorters kakor ved kaffislaberas (kafferep). Skikken med å ha minst sju slag kaker ved slike samkomer er kjend frå slutten av 1800-talet av.
I 1945 blei det gjeve ut ei kokebok kalla Sju sorters kakor. Boka fortalde at sju slag var eit minstekrav for kor mange kaker ein skulle servera i eit selskap tidleg i hundreåret. Ein kunne rekna det som underleg å servera mindre enn sju, og hovmodig å servera fleire. Det verker likevel som om ulike reglar galdt på ulike stader.
Kakeslag Ei typisk servering til eit kafferep på 1930-talet hadde bakverk i ei viss rekkjefølgje bestemt av konsistensen, sødma og storleiken deira. Den tradisjonelle rekkjefølgja var:
Kveitebrød (bolle eller mindre brød, längd) Lyst sukkerbrød Mørkt sukkerbrød Lys, tørr småkake Mørk, tørr småkake Fylt småkake Bakelse (ofte med mandelmasse i, alternativt ei toscakake)
Deretter kunne ein ha ei valfri forseggjort kake.
Kva småkaker ein serverer til kafferep kan variera, men nokre typar som ofte er nemnde er:
Sjå òg
Feast of the Seven Fishes Tretten dessertar
Kjelder
Landqvist, Malin (2011-04-10): «Grundrecept sju sorters kakor». DN.se. Henta 30. juli 2013. «Sju sorters kakor». Kokaihop.se. Henta 30. juli 2013. Palmquist, Sara/TV4: «Sju sorters kakor». Recept.nu. Henta 30. juli 2013. Ahlin, Lisa (2011-12-12): «Kafferepet : Trugandets värdskap». Kulturdelen.se. Henta 30. juli 2013.
Delar av denne artikkelen bygger på «Sju sorters kakor» frå , den 2. desember 2019.
Kategori:Bakverk Kategori:Julemat Kaker Kategori:Utvalde artiklar 2021