høgre|mini|Stabbur på Norsk folkemuseum, frå ca. år 1800 Arkitektur i Norge har historisk blitt påverka av endra økonomiske føresetnader, teknisk utvikling, demografiske svingingar og kulturelle endringar. Arkitektonisk påverknad frå andre delar av verda er tydelege i store delar av arkitekturen, men desse er ofte blitt tilpassa for å passa til norske klimatilhøve med harde vintrar og sterke vindar.

Arkitektoniske trendar i Noreg har òg endra seg parallelt med politiske og sosiale endringar gjennom hundreåra. Allereie på vikingtida hadde snikkararbeidet blitt utvikla til eit sofistikert handverk, som syner att i dei elegant konstruerte langskipa.

Etter at kristendomen var blitt innført i landet kom den romanske arkitekturen til å dominera i bygginga av katedralar og større kyrkjer, i stor del som eit resultat av religiøs påverknad frå England. Dette resulterte i karakteristiske rundboga kvelv, tønnekvelv, krossforma støttande pålar og krosskvelv.

På grunn av geografien var folkesetnaden og økonomien spreidde utover landet i mellomalderen. Som eit resultat av dette fortsette den tradisjonelle norsk gardskulturen å vera sterk, og Noreg skil seg frå dei fleste europeiske land gjennom at føydalismen aldri blei innført her. Dette gjer at det i Noreg finst få døme på barokk-, renessanse-, og rokokkoarkitektur, som dei herskande klassane andre stader i Europa favoriserte.

Desse faktorane, i kombinasjon med stor tilgang på tømmer, førte i staden til særskilde tradisjonar innan norsk folkeleg arkitektur som finst att i form av gardsbygningar på fleire norske friluftsmuseum. Det finst bygningar frå mellomalderen fram til 1800-talet på stader som Norsk Folkemuseum i Oslo og Maihaugen i Lillehammer. Det finst også bygningar som slår att på gardar, til dømes i Heidal.

På 1900-talet blei arkitekturen på den eine sida forma av koplinga si til norsk sosialpolitikk, og av innovasjonar innan arkitektur på den andre. Norske arkitektar har fått merksemd for arbeida sine, både nasjonalt - der arkitektur har vore sett på som eit uttrykk for velferdspolitikk - og internasjonalt på grunn av ei mengd innovative prosjekt.

Historie Byggeskikk i Noreg har hovudsakleg blitt forma av ein kombinasjon av to behov. På den eine sida krava om å verna menneske, dyr og eigedom frå hardt vêr, som kalde vintrar, vind og stormar, kraftig nedbør i visse område, og på andre sida kravet om å gjera det meste utav knappe ressursar. Fram til moderne tid var òg infrastruktur for transportar primitive, og ein måtte i stor grad brua lokalt tilgjengelege byggjemateriale.

Førhistorisk tid Dei eldste spora etter menneskeleg busetnad i Noreg er daterte til cirka 9000 f.Kr, og finst i fjellregionar i noverande Rogaland, der arkeologar har funne flyttbare bustader som sannsynlegvis blei brukt av nomadiske reinjegerar. Spor av liknande telt er òg blitt funne andre stader langs vestkysten. I Fosenstraumen nær Radøy i Hordaland tyder arkeologiske funn på at telta som var i bruk cirka 6500 f.Kr. var av liknande konstruksjon som dei samiske nomadar har halde fram med å nytta til moderne tid.Brekke, Nordhagen, and Lexau: Norsk arkitekturhistorie.

Desse telta blei sidan halvpermanenta gjennom eit enkelt fundament. Spor av slike er blitt funne rundt om i skjergarden i Vega kommune, eit område som er blitt klassifisert som verdsarv av Unesco.

Dei første heilt permanente bustadene kan ha blitt bygde mellom 3000 og 2000 f.Kr., samtidig som at jordbruket blei etablert i Noreg. Tilgjengelege funn tyder på å tre var det mest nytta byggjematerialet for desse bygningane. Bustader i jernalderen kombinerte vanlegvis skjul for dyr og menneske i same langhus for å halda på varmen. Restar av bygningar frå steinalderen, til bronsealderen og jernalderen er blitt gravne ut i Forsand i Ryfylke, nær Stavanger og på fleire andre stader. Dei fleste førhistoriske langhusa bestod av to rekkjer med stolpar for takstolar som delte opp innsida i tre delar, og vegger i palisader, flettverk eller torv. Liknande bygningar er blitt gravne ut i heile nordvestre Europa.

Vikingtida og mellomalderen To distinkte trehustradisjonar er blitt sameina i norsk arkitektur. Den eine er lafta stover med horisontale stokkar samansette gjennom skår i hjørna, ein teknologi ein trur er blitt påverka av folk frå aust for Skandinavia. Den andre var stavbyggingstradisjonen, som er typisk for stavkyrkjene, og som kanskje er ei utvikling av dei tidlegare langhusa som hadde takberande stolpar nedgravne i bakken. Sjølv om det berre finst nokre få arkeologiske funn av faktiske bygningar frå tida før dei første permanente bustadene, tyder vikingskip (som Osebergskipet) på velutvikla kjennskap til tre- og konstruksjonsarbeid. I Lofoten har Lofotrs Vikingamuseum rekonstruert garden til ein vikinghovding.

I tillegg til dei 28 gjenverande stavkyrkjene i Noreg finst det minst 250 trehus bygde før svartedauden i 1350 att i meir eller mindre intakt stand. Dei fleste av desse er lafta stover, nokre med tillagde stavbygde galleri eller verandaer.

Då den politiske makta i Noreg blei samla i ei statsmakt oppstod behovet å forsvara seg mot ytre trugsmål. Dette førte til til bygginga av større strukturar i samsvar med samtidig forsvarsteknologi. Festningar, bruer og etterkvart også kyrkjer og herregardar blei bygde i stein og murverk. Arkitekturen i desse bygningar følgde dei rådande europeiske stilane.

Stavkyrkjer mini|Urnes stavkyrkje i Luster, lista som verdsarv. Det blei bygd rundt 1000 stavkyrkjer i Noreg i mellomalderen. Dei fleste av desse blei reist på 1100- og 1200-talet, og fram til byrjinga av 1800-talet fanst stadig så mange som 150 stavkyrkjer att. Mange blei øydelagde i ein periode då den kristne kyrkja gjekk inn for enkelheit og reine linjer. I dag finst berre 28 att, men ei stor mengd blei dokumenterte og registrerte med oppmålte teikningar før dei blei rivne.

At stavkyrkjene har klart seg så lenge kjem av ei mengd arkitektoniske innovasjonar som verna desse store, kompleksa trekonstruksjonane mot nedbør, vind og ekstreme temperaturar. Viktigast er dei massive svillane under stavane som har hindra dei frå å rotna. I dei to hundreåra då ein bygde stavkyrkjer blei denne typen bygningskonstruksjon utvikla til ein avansert kunst og vitskap. Etter reformasjonen blei det ikkje bygd nye stavkyrkjer, men i staden hovudsakleg stein- og lafta kyrkjer. Dei fleste stavkyrkjene forsvann på grunn av at dei forfall, ikkje var rekna som nødvendige eller var for små for kyrkjelydane sine.

Romansk arkitektur mini|Mariakirken i Bergen, eit døme på romansk arkitektur i Noreg. Dei første steinkyrkjene i Noreg var i romansk stil, og blei bygde under påverknad av angelsaksiske misjonærar, særleg biskop Nicholas Breakspear (seinare pave Hadrian IV).

Seinare kyrkjer var meir påverka av kontinental arkitektur, som kyrkjene i Ringsaker og Kviteseid med fleire. Mange av desse kyrkjer har anten forsvunne eller blei bygd om i gotisk stil, men fleire døme finst framleis att.

Gotisk arkitektur Mange kyrkjer som opphavleg vart oppførte i romansk stil blei bygd ut og endra under den gotiske perioden. Blant desse er domkyrkja i Hamar (no i ruinar), Stavanger domkyrkje og den kjende Nidarosdomen, som ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Mellomalder-Europa.

Under dansk styre venstre|mini|Vestsida av Nidarosdomen - opphavleg ei romansk kyrkje, ombygd og utbygd i gotisk stil 1183-1248. I slutten av mellomalderen var den norske staten kraftig svekt, og i 1389 blei landet del av ein union med Danmark og Sverige, Kalmarunionen. Ettersom kongemakta heldt til i Danmark blei statusen til Noreg etterkvart redusert til den til ein provins, og etter reformasjonen blei dei fleste av dei offisielle institusjonane i landet avskaffa. I 1536 opphøyrde Noreg å vera eit sjølvstendig kongedøme, og den norske kyrkja mista autonomien sin.https://web.archive.org/web/20090710040256/http://www.norway.org/history/upto1814/unionden/unionden.htm Det danske styret i København såg Noreg som ein bakstreversk provins som hadde ressursar som kunne utnyttast, men som ikkje var verd nokon monumental arkitektur. På grunn av dette er det uvanleg med meir ambisiøse renessansebygningar i Noreg jamført med andre europeiske land.

Festningar, som Akershus i Oslo, Vardøhus i Vardø, Tunsberghus i Tønsberg, Kongsgården i Trondheim og Bergenhus i Bergen, var bygde i stein i samsvar med standardane for forsvarsverk i denne perioden. Mange av desse er blitt moderniserte og bygde om gjennom åra.Guthorm Kavli: Norges festninger : fra Fredriksten til Vardøhus, 1987. Oslo, Universitetsforlaget,

På 1500-talet bygde òg Hansaen kommersielle bygningar i landet, likt de trebygningar ved Bryggen i Bergen som kombinerer tyske og norske bygningstradisjonar.

sentrum|mini|800x800pk|Panoramautsikt over Bryggen i Bergen. Dei elleve husa til høgre blei gjenoppbygde etter ein brann i 1702. Dei seks husa til venstre blei gjenoppbygde etter ein brann 1955.

Renessansen Etter Svartedauden opphøyrde bygginga av monumentale bygningar. Denne kom igang igjen på 1600- og 1700-talet, då landet var under dansk forvalting. Det finst nokre døme på renessansearkitektur i Noreg. Dei mest framståande er Bergenhus i Bergen, Baroniet Rosendal i Hardanger, Austråttborgen nær Trondheim og delar av Akershus festning.Håkon A. Andersen (1996) Austrått,

Den danske kongen Christian IV gjennomførte ei mengd prosjekt i Noreg som i stor utstrekking byggjer på renessansearkitektur.Joakim A. Skovgaard (1973) A king's architecture: Christian IV and his buildings, London, Han var ansvarleg for opprettinga av gruvedrift i Kongsberg og på Røros, som no er ein verdsarvstad. Etter ein øydeleggjande brann i 1624 blei byen Oslo flytta til ein ny stad, bygd som ein forskansa by med ein ortogonal byplan omgjeven av vollar og omdøypt til Christiania. Kong Christian grunnla òg handelsbyen Kristiansand, kalla opp etter han sjølv.

Barokkarkitektur venstre|mini|Fredrikshald/Fredriksten, ein grenseby som blei bygd for å verna den Dansken-norske riket. Då Noreg vart utvikla til å bli ein strategisk del av det dansk-norske riket byrja danske kongar å bygga befestningar langs grensene og kysten. Over tid blei dei fleste av befestningane ved grenseområde og hamner endra i samsvar med forsvarsmetodane frå barokken.

Sjølv om dei fleste bustader blei bygde ifølgje lokale tradisjonar, viser visse herregardar (som Austrått og Rosendal) påverknad frå barokkarkitektur. Berre Christiania hadde ein bygningskode som forbaud trehus, og her blei oppført ei mengd store byhus i kontinental stil. Det blei bygd fleire større teglkyrkjer. Det finst gode døme på desse i Bergen, Oslo, Røros og Kongsberg.Gunvor Thingstad Bøen, Hølje Bøen (2003) Kongsberg kirke: bergstadens juvel, Sverre Ødegaard (1997) Bergstaden Røros, ]

Stiftgården, det vil seia den kongelege residensen i Trondheim, er truleg den best kjende barokkbygningen i Noreg. Han er eit bustadhus som er ein av de største trekonstruksjonane i nordlege Europa.

Rokokkoarkitektur mini|Damsgård hovedgård i Bergen er eit døme på norsk rokokkoarkitektur. Rokokko var populært under ein kort men viktig periode i Noreg, og finst hovudsakleg i dekorativ kunst, framfor alt innanfor innreiing, møblar og luksusartiklar som bordsylv, glas og steingods. På landet i visse område utvikla folkeartistar det typiske norske dekorative måleriet kjent som rosemåling, og ein nærskyld treskjeringsstil. I meir formell arkitektur finst eit fåtal rokokko-påverka hus i byar og herregardar, alle bygde i tre, særleg i Trondheim og Bergen, der Damsgård hovedgård i Bergen er den viktigaste.