portrett|mini|Måleri av Fra Filippo Lippi.
«Eit barn er født i Betlehem» (nynorsk) eller «Et barn er født i Betlehem» (bokmål) er mellom dei best kjende julesongane i Noreg. Songen, som opphavleg er skriven på latin på 1300-talet, gjenfortel juleevangeliet om barnet Jesus, som i følgje dette vart fødd i Betlehem.
Tredjeverset har opphav i ei tolking av Jesaia 1,3.
Nikolai Frederik Severin Grundtvig omsette den latinske originalteksten «Puer natus in Betlehem» til dansk i 1820 (seinare brigda til bokmål), medan nynorskomsetjinga vart gjort i 1905 av Bernt Støylen.
Tidlegare vart «Eit barn er født i Betlehem» sungen til ein tysk folketone frå 1400-talet, men i dag vert Ludvig Mathias Lindeman sin tone frå 1871 oftast nytta. Den tyske melodien er òg omarbeidd i norske folketonar.
Både bokmåls- og nynorskteksten står i Norsk Salmebok, på nummera 29 og 30.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Dansk tekst med akkordar på guitarmasta.net Bokmålstekst på stille-julenatt.org Nynorsktekst på aasentunet.no Latinsk tekst til «Puer natus in Betlehem»
Kategori:Salmar frå mellomalderen Kategori:Julesongar Kategori:Dikt om barn Kategori:Nikolai Frederik Severin Grundtvig Kategori:Bernt Støylen