mini|Mops inni eit pledd. Pledd (frå engelsk plaid, kanskje opphavleg frå skotsk-gælisk plaide)plaid i Den Danske Ordbog er eit tjukt teppe av ull, ofte med rutemønster. Ein kan bruka pledd til å ha om seg eller oppå seg for å halda varmen, eller som underlag på ein piknik.

Det engelske ordet plaid blei opphavleg brukt i Skottland om eit kyperbunde ullteppe som vanlegvis hadde eit rutemønster. Etterkvart har det gått over til å brukast om alle klede med slike rutemønster, eller om mønsteret i seg sjølv. Ordet blir også brukt om eit langt, ruta eller stripa ullsjal som tradisjonelt er blitt brukt som skulderkappe i dei skotske høglanda. Som full plaid er det del av den skotske nasjonaldrakta highland dress.

Kjelder

Kategori:Teppe Kategori:Sjal Kategori:Ull Kategori:Engelske ord og uttrykk Kategori:Skotsk-gæliske ord og uttrykk