DS «Sanwarine» (kallesignal MKNH) var eit dampskip bygt i 1912 som lasteskip for Sanwarine Steamship Co. i Manchester i Storbritannia.

I februar 1914 vart dette skipet og DS «Cometa» kjøpt inn av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og var det største skipet i flåten til BDS til då.

Historie Skipet vart bygt ved Clyde S. B. & Eng. Co. Ltd. i Glasgow i Skottland. då det vart levert i november 1912.

I februar 1914 vart skipet kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab for 520 504 kroner og var både det dyraste og største skipet BDS hadde i flåten sin til då.

I 1917 vart skipet rekvirert av britane og Shipping Controller under første verdskrigen og vart drive av Elder, Dempster & Co. i London. 5. mars 1918 gjekk «Estrella» på ei mine fem nautiske mil sørvest av Shipwash fyr utanfor Harwich på reise frå Le Havre til Tyne i ballast. 20 personar omkom. Mina var lagt ut same dagen av den tyske ubåten «UC 4».

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 757 brt, 892 nrt og lasteevna var 3 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 685 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E i Glasgow. Oppgjeven yting var 217 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop knop.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Glasgow Kategori:Skip frå 1912 Kategori:Krigsforlis i 1918 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Forlis i Storbritannia Kategori:Skip søkkte av miner