Færøysk (færøysk: føroyskt) er del av den vestnorderlendske målgreini, sum rømer måli islendsk, færøysk, nynorsk og det no utdåne målet norn. Den norrøne målgreini høyrer til dei germanske greinene av dei indoeuropeiske måli.

Færøysk vert tala av 80 000 menneske, i fyrste rekkja på Færøyane der det hev vore offisielt mål sidan 1937.

Som islendsk, hev færøysk vakse fram frå dei gamalnorske målføri nybyggjarane i vikingtidi hadde med seg frå det vestlege Noreg. Færøyingar og islendingar, og færøyingar og nordmenn, kann til nokon mùn skyna kvarandre, men ikkje utan vandar.

Mållæra

Ljodlæra

Sjå Færøysk fonologi

Færøysk hev 10 stutte sjølvljod, alle desse hev lange motpartar, nokre av dei er vortne tviljod. I tillegg hev færøysk òg 3 tviljod. Færøysk hev 21 medljod, fordelte på fjore artikulasjonsstader og fjore artikulasjonsmåtar:

Formlæra

Sjå Færøysk morfologi

lenkje=https://nn.wikipedia.org/wiki/Fil:Faroe_islands_isoglosses_-_main_dialects.png|venstre|mini|Dei viktigaste færøyske dialektforskjellane Færøysk er, saman med islandsk og nokre svenske målføre, einaste norderlendske målet, sum enno hev dei fjore nordgermanske bøygjefalli: nemnefall, underfall, sidefall og eigefall. I talmålet (og dimed òg i skrift) er eigefall mest ute av bruk; setningane vert snudde på so at eigeformi kjem fram med styreord i sidefall. «Båten åt kongen» vert soleis «Báturin hjá konginum». Eigefall vert derimot nytta i faste vendingar og i fyrste leden i samansette ord.

Døme på falli i færøysk Namnord og fyrenamn vert bøygde i fall. Som hugseregel nyttar ein spyrjeordet som på færøysk er ein del av fallnamnet: dømespurningkallkyn (hannkyn)kvennkyn (hokyn)hvørkikyn (inkjekyn)hvørfall (nemnefall)Hvør er hatta?knøtturteldaborðhvønnfall (underfall)Hvønn sást tú?knøtttelduborðhvørjumfall (sidefall)Hvørjum hyggur tú at?knøttitelduborðihvørsfall (eigefall)Hvørs vegna?knøtstelduborðs

Rettskriving Færøysk hev ei konservativ rettskriving, noko sum gjer færøysk lett å lesa fyr islendingar. Færøysk nyttar det latinske alfabetet, med 29 bokstavar.

Dei er: A Á B D Ð E F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V Y Ý Æ Ø.

C, Q, W, X, Z vert ikkje nytta, men finst i sume låneord (òg Ü og Å i etternamn), men skikken er å byta desse bokstavane um med færøyske bokstavar med same uttale.

Målsoga

Ytre målsoga

Sjå Færøysk ytre språkhistorie

Færøysk hev ei ytre språksoge sum minnar mykje um den norske: Skriftmålet var meir eller mindre likt det i Noreg og på Island fram til 1400-talet. Etter reformasjonen tok dei danske styresmaktene i bruk dansk i staden, på same måten sum i Noreg. Med nasjonalromantikk og nasjonalisme ut over 1800-talet voks interessa fyr færøyskt mål, og Venceslaus Hammershaimb utarbeidde, um lag på same tid som, og på same måten som, Ivar Aasen i Noreg, eit nytt skriftspråk fyr dei færøyske målføri.

Indre målsoga Færøysk stend på mange vis midt millom vestnorsk og islandsk. Av falli er eigefal meir eller mindre ute av bruk, men skilnaden millom nemnefall, underfall og sidefall stend fast. Segnordi vert bøygde i tal, og i notid eintal også i person.

Fonologisk hev færøysk gjenge gjennom mange nydanningar. Lange sjølvljod hev vorte tviljod, og ein del medljodssamband er styrkte.

Bokheim

V.U. Hammershaimb: Færøsk Anthologi. København 1891, Tórshavn 1991, 2 bind (andre bind er millom anna ei færøysk-dansk ordsamling med 10 000 oppslagsord ved Jakob Jakobsen. Anthologien er framleis tilgjengeleg på Færøyane) W.B. Lockwood: An Introduction to Modern Faroese. Tórshavn 1977 (standardverk på engelsk i fleire tiår). J. Henriksen: Kursus i Færøsk. Tórshavn 1983 (2 bind) Höskuldur Thráinsson, Hjalmar P. Petersen, Jógvan í Lon Jacobsen, Zakaris Svabo Hansen: Faroese. An Overview and Reference Grammar. Tórshavn 2004 ISBN 99918-41-85-7 (nytt standardverk).

Ordbøker

Eigil Lehmann: Føroysk-norsk orðabók - Færøysk-norsk ordbok. Tórshavn, Føroya Fróðskaparfelag, 1987. Hjalmar Petersen, Marius Staksberg: Donsk-føroysk orðabók. Tórshavn 2005 ISBN 99918-41-51-2 (Dansk-færøysk ordbok) M.A. Jacobsen, Christian Matras: Føroysk-donsk orðabók. Tórshavn 1961 (Færøysk-dansk ordbok) J.H.W. Poulsen et al.: Føroysk orðabók. Tórshavn 1998 ISBN 99918-41-52-0 (i 1 bind), ISBN 99918-41-53-9 (i 2 bind), ISBN 99918-41-54-7 (CD-ROM) (den fyrste færøysk-færøyske ordboki, um lag 65 000 oppslagsord, synonym. Bilete ved Bárður Jákupsson)

Språklege hjelperåder

Færøysk ordretteprogram online Nedlastbart færøysk ordretteprogram (MS Word, LibreOffice

Bakgrunnsstoff

Føroyska málnevndin (Færøysk språkråd. Under «Orðalistar» finst det ordlister)

BMS.fo - Bókamiðsølan (engroshandel fyr alle bøker på færøysk) Setur.fo - Fróðskaparsetur Føroya (Universitetet på Færøyane. Den einaste staden med eit fakultet fyr færøysk. Sommarkurs fyr utlendingar på engelsk) Færøysk analysator på nettet

Høyr færøysk på netet

UF.fo - Útvarp Føroya (Færøysk radio. Under «ÚF beinleiðis» til venstre er det nettradio) SvF.fo - Sjónvarp Føroya (Færøysk fjernsyn. Under «Sendingar á alnótini» er det nyheter, debatt og kulturnyheter sum WMF-videoer til nedlasting) Heimasíða við føroyskum tónleiki (Heimeside med færøysk musikk)