Fez er eit hjernetrim-plattformspel utvikla av Polytron Corporation og utgjeve av Trapdoor. Spelaren styrer figuren Gomez, som får ein fess som avdekker at den todimensjonale verda hans er ei av fire sider i ei tredimensjonal verd. Spelaren kan rotere mellom desse fire todimensjonale perspektiva for å omstille plattformer og løyse gåtene i spelet. Målsettinga i spelet er å samle kubar og brotstykke av kubar for å bøte på uordenen som har oppstått i universet.
Fez vann fleire prisar og fekk positive omtalar. Det hadde selt over ein million kopiar mot slutten av 2013. Ein planlagd oppfølgjar vart kansellert då Phil Fish brått forlét spelbransjen.
Kjelder
Kategori:Dataspel frå 2012 Kategori:Hjernetrimspel Kategori:IOS-spel Kategori:Linux-spel Kategori:Macintosh-spel Kategori:Plattformspel Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:PlayStation Vita-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox 360-spel