Auguste Honoré Charlois () var ein fransk astronom som oppdaga 99 asteroidar under arbeidet sitt ved observatoriet i Nice i Frankrike.
Charlois blei assistent ved observatoriet i Nice i 1880. Den første asteroiden han oppdaga var 267 Tirza i 1887.
Charlois hadde byrja arbeidet sitt med å søka etter asteroidar i tida med visuell deteksjon. Men innan 1891 hadde Max Wolfs pionerarbeid med bruk av astrofotografi påskynda oppdagingsraten av nye asteroidar, og både Wolf og Charlois oppdaga kvar for seg langt fleire asteroidar enn det som ville ha vore mogleg med visuell deteksjon. Han fotograferte (433) Eros same natt som denne blei oppdaga av Gustav Witt, men klarte ikkje å kunngjera oppdaginga si før Witt.
Då han var 46 år gammal blei Charlois drepen av svigerbror sin (broren til den første kona si), som bar nag til han fordi han hadde gifta seg på nytt. Svigerbroren blei kjent skyldig og dømd til livsvarig straffarbeid i Ny-Caledonia.
Asteroiden 1510 Charlois blei oppkalla til ære for Auguste Charlois.
Asteroidar oppdaga av Auguste Charlois Charlois oppdaga 99 asteroidar:267 Tirza27. mai 1887272 Antonia4. februar 1888277 Elvira3. mai 1888282 Clorinde28. januar 1889283 Emma8. februar 1889284 Amalia29. mai 1889285 Regina3. august 1889289 Nenetta10. mars 1890293 Brasilia20. mai 1890294 Felicia15. juli 1890296 Phaëtusa19. august 1890297 Caecilia9. september 1890298 Baptistina9. september 1890300 Geraldina3. oktober 1890302 Clarissa1. november4 1890305 Gordonia16. februar 1891307 Nike5. mars 1891310 Margarita16. mai 1891311 Claudia11. juni 1891312 Pierretta28. august 1891314 Rosalia1. september 1891316 Goberta8. september 1891317 Roxane11. september 1891318 Magdalena24. september 1891319 Leona8. oktober 1891327 Columbia22. mars 1892331 Etheridgea1. april 1892336 Lacadiera19. september 1892337 Devosa22. september 1892338 Budrosa25. september 1892344 Desiderata15. november 1892345 Tercidina23. november 1892346 Hermentaria25. november 1892347 Pariana28. november 1892348 May28. november 1892349 Dembowska9. desember 1892350 Ornamenta14. desember 1892354 Eleonora17. januar 1893355 Gabriella20. januar 1893356 Liguria21. januar 1893357 Ninina11. februar 1893358 Apollonia8. mars 1893359 Georgia10. mars 1893360 Carlova11. mars 1893361 Bononia11. mars 1893362 Havnia12. mars 1893363 Padua17. mars 1893364 Isara19. mars 1893365 Corduba21. mars 1893366 Vincentina21. mars 1893367 Amicitia19. mai 1893368 Haidea19. mai 1893370 Modestia14. juli 1893371 Bohemia16. juli 1893372 Palma19. august 1893373 Melusina15. september 1893374 Burgundia18. september 1893375 Ursula18. september 1893376 Geometria18. september 1893377 Campania20. september 1893378 Holmia6. desember 1893379 Huenna8. januar 1894380 Fiducia8. januar 1894381 Myrrha10. januar 1894382 Dodona29. januar 1894383 Janina29. januar 1894388 Charybdis7 . mars 1894389 Industria8. mars 1894395 Delia30. november 1894396 Aeolia1. desember 1894397 Vienna19. desember 1894398 Admete28. desember 1894400 Ducrosa15. mars 1895402 Chloë21. mars 1895403 Cyane18. mai 1895404 Arsinoë20. juni 1895405 Thia23. juli 1895406 Erna22. august 1895409 Aspasia9. desember 1895410 Chloris7. januar 1896411 Xanthe7. januar 1896414 Liriope16. januar 1896416 Vaticana4. mai 1896423 Diotima7. desember 1896424 Gratia31. desember 1896425 Cornelia28. desember 1896426 Hippo25. august 1897427 Gala27. august 1897429 Lotis23. november 1897430 Hybris18. desember 1897431 Nephele18. desember 1897432 Pythia18. desember 1897437 Rhodia16. juli 1898438 Zeuxo8. november 1898441 Bathilde8. desember 1898451 Patientia4. desember 1899453 Tea22. februar 1900498 Tokio2. desember 1902537 Pauly7. juli 1904
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Auguste Charlois» frå , den 9. februar 2020.
Kategori:Franske astronomar