Giuseppe Conte () er ein italiensk jurist og politikar, fødd i Volturara Appula i Foggia-provinsen. Han var statsminister i Italia frå 1. juni 2018 til 13. februar 2021.

Conte vart etter det italienske parlamentsvalet våren 2018 leiar for ein regjeringskoalisjon beståande av Femstjernersrørsla (M5S) og Lega Nord, sjølv var han partilaus. Etter ein strid mellom Femstjernersrørlsa og Lega Nord-leiaren Matteo Salvini søkte Conte avskjed 20. august 2019. Presidenten i Italia gav Conte i staden oppdrag å danne ei ny regjering, ei koalisjonregjering som omfatta Femstjernersrøsla og sosialdemokratane (Partito Democratico). Ei gruppe sosialdemokratar braut ut og danna partiet Italia Viva. Då Italia Viva slutta støtte Conte-regjeringa i januar 2019, valde Conte å trekke seg. Teknokraten Mario Draghi danna ny regjering.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Giuseppe Conte» frå , den 8. april 2020.

Kategori:Italienske statsministrar