Inírida (spansk uttale [iˈniɾiða]), tidlegare Puerto Inírida, er hovudstaden og ein kommune i Guainía-departementet i Colombia. Ein departementshovudstad vart første gongen etablert i 1963 på staden der den litle landsbyen Obando ligg. Kommunen vart døypt om i 1974 og byen etablert som Puerto Inírida. Folketalet for heile den 17 tusen kvadratkilometer store kommunen var 31 514 i 2018. Dette er omtrent ein tredel av folketalet i departementet. Dei fleste innbyggjarne er av urfolksopphav.
Byen Inírida Byen ligg like ved staden der elva Inírida tømmer seg i Guaviare. Guaviare held fram ca. 30 km nordaust til den venezuelanske byen San Fernando de Atabapo ved riksgrensa. Området ligg innanfor nedslagsfeltet til Orinoco.
Dei viktigaste økonomiske aktivitetane i kommunen etter offentlege tenester, er gruvedrift, landbruk og fiske. Kommunen prioriterer turisme med fokus på miljøvern.
Byen Inírida har flyplass og rutesamband med Bogotá og Villavicencio, hovudstaden i Meta-departementet. Elles er reisemåten innanfor kommunen vanlegvis med båtar på elvene.
Estrella Fluvial de Inírida mini|venstre|Sabanitas, like ved byen Inírida 'Estrella Fluvial Inírida' er eit våtmarksområde på over 2 500 kvadratkilometer som er verna av Ramsar-konvensjonen. Det ligg lengst aust innanfor kommunen Inírida sitt utbreiingsområde, mot elvene Atabapo og Orinoco på grensa mot Venezuela. Det er skildra 833 artar av vassplantar i 123 familiar innenfor våtmarksområdet. Her finst ca. 200 pattedyrartar inkludert kjempeoter (Pteronura brasiliensis) og kjempemaurslukar (Myrmecophaga tridactyla). Her er òg funne 324 fugleartar og 476 fiskeartar inkludert fiskar som er endemiske til Orinoco-bassenget. Fjellformasjonane Cerros de Mavecure er eit kjent turistmål i verneområdet, ca. 40-50 kilometer oppstraums elva frå byen Inírida.
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Inírida, Guainía» frå , den 10. april 2020 Alcaldía de Inírida Kommunen sin nettstad, henta 10. april 2020
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Colombia