Air Conditioning er debutalbumet til det britiske progressive rockebandet Curved Air. Det kom ut i november 1970 og nådde åttandeplassen på den britiske albumlista i desember 1970.

På biletplata (sidan nytta som biletet på plateomslaget) er tittelen skriven som «Airconditioning», medan den grøne etiketten på plata synte «Air Conditioning».

Bakgrunn og innspeling Sjølv om Sonja Kristina er oppført som den einaste tekstforfattaren på «It Happened Today», har Francis Monkman i ei rekkje intervju etter 1998 hevda å ha kome på songtittelen og grunnkonseptet til teksten.Wynne, Richard. (1999) «Francis Monkman» (via link to «Francis». The Official Curved Air Website. Kristina var samd i at Monkman kom opp med tittelen, men stod fast pop at teksten «eigentleg ikkje handlar om noko spesifikt.»Welch, Chris (April 2011). «Curved Air – Airconditioning». In Airconditioning [CD booklet]. London: Blue Mountain Music. I motsetnad er «Propositions» berre tilskriven Monkman. Han meiner det var Kristina som skreiv teksten. Han forklarte inspirasjonen for musikken til denne songen: «Eg var stor fan av Terry Riley (og hadde spelt den første framføringa i London av «In C» i 1968) og var særs imponert av A Rainbow in Curved Air. Så fekk eit slags «musikalsk syn» om ein høgenergisk rockelyd som gjekk i ein Terry-liknande lydbandsløyfe-improvisasjon. Det vart «Propositions»...»

Både musikken og teksten til «Situations» var skriven av Darryl Way og Rob Martin. Teksten til «Hide and Seek» skildrar ei post-apokalyptisk verd der ein einsam overlevar fånyttes leitar etter ein annan levande person. Sonja Kristina sa: «Det er eit mareritt, ein slags draum å bli etterlaten i ein tom by.»

Vokalen til Kristina på «Blind Man» var inspirert av måten Donovan song «Hurdy Gurdy Man» på.

Biletplate Albumet var den første vinylplata som kom ut som biletplate i titusen eksemplar. Teknologien var i startfasen og dette førte til støy i avspelinga av plata. Plata vart gjeve ut att på vanleg format med grøn etikett og bilete av den originale biletplata på plateomslaget.

Innhald

Ein annan song vart spelt inn på denne tida, men berre gjeven ut på singel: «What Happens When You Blow Yourself Up» (Monkman, Linwood)  – 3:34

Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solovokal Darryl Way – fiolin, korvokal Francis Monkman – gitar, klaverinstrument Rob Martin – bass Florian Pilkington-Miksa – trommer

Singlar «It Happened Today» / «What Happens When You Blow Yourself Up» med «Vivaldi» (Storbritannia og Nederland) «It Happened Today» med «What Happens When You Blow Yourself Up» (USA og Tyskland) «It Happened Today» med «It Happened Today» (promo) «Vivaldi» med «It Happened Today» (Italia)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Air Conditioning (album)» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1970 Kategori:Curved Air-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Engelske kunstrockalbum