Second Album er det andre studioalbumet til den engelske rockegruppa Curved Air. Det nådde 11. plassen på den britiske albumlista i oktober 1971 og singelen «Back Street Luv» klatra til fjerdeplassen i august 1971. Det kom ut to variantar av plateomslaget som inneheld ein regnboge. Dette er ein referanse til albumet A Rainbow in Curved Air av Terry Riley, som bandet tok namnet sitt frå.
Bakgrunn og innspeling Innhaldet og arrangementet for materialet reflekterte eit skarpt skilje i bandet, som førte til at dei vart oppløyst året etter. Alle songane på side A er komponerte av Darryl Way (med noko støtte frå Ian Eyre) og tekstar av Sonja Kristina, medan alle songane på side B var komponerte av Francis Monkman.Joynson, Vernon (1995). The Tapestry of Delights . London: Borderline Books. Francis Monkman forklarte: «Eg og Darryl respekterte kvar andre sine arbeid, men me var usamde om det meste. Og me fekk aldri heilt til å samarbeide i lag. Eg ønskte å lage mitt første 'episke' verk, så det såg ut til at det oppstod eit skilje mellom oss på denne tida.»Wynne, Richard. (1999) «Francis Monkman» . The Official Curved Air Website.
I motsetnad til debutalbumet deira, vart Second Album spelt inn medan dei fleste songane var nye og hadde fått lite tid til å utvikle seg på scenen. Eit unntak er «Young Mother», som starta som ein song av Way, Monkman og Pilkington-Miksa i eit band dei hadde før Curved Air, kalla Sisyphus. Han hadde då tittelen «Young Mother in Style», og utvikla seg til forma på Second Album ved at Sonja Kristina skreiv ny tekst.
Dei elektroniske instrumenta nytta på albumet vart laga av E.M.S. London, der bandet sidan spelte inn to spor for det tredje albumet sitt, Phantasmagoria.
Mottaking
AllMusic skreiv ei stort sett negativ melding om albumet. Dei sa det mangla nyskapinga og orginaliteten frå dei andre utgjevingane deira, og vart erstatta «ei samling relativt streite, men lydmessige flate rockesongar». Dei skrytte derimot av «Back Street Luv», som er skildra som «rett og slett ein av dei beste augneblinka til bandet... og ein av dei beste singlane tidleg i 1970-åra». Dei skreiv om «Piece of Mind» at denne synte påverknaden frå klassisk musikk som bandet var kjend for, og at medan han delvis gav frysningar i nakken, hadde songen òg delar som etter moderne standard var «håplaust gammaldags», «opplagt» og «forslite». Meldaren skriv òg at dårleg lydkvaliteti overføringa til CD kan ha medverka til den dårlege omtalen.
Innhald
Medverkande Curved Air Sonja Kristina – solovokal Darryl Way – fiolin, korvokal, piano (5) Francis Monkman – gitar, klaverinstrument, VCS3 synthesizer Ian Eyre – bassgitar Florian Pilkington-Miksa – trommer Teknisk Colin Caldwell – lydteknikar Peter Zinovieff – elektronikk John Kosh – design
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Second Album (Curved Air album)» frå , den 10. april 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Curved Air-album Kategori:Warner Bros. Records-album