Søren Lerby () er ein dansk tidlegare fotballspelar og noverande fotballagent. I løpet av karrieren spelte han for B1903, Ajax Amsterdam, FC Bayern München, AS Monaco og PSV Eindhoven. Med desse klubbane var han med om å vinne den nederlandske Eredivisie sju gonger, den tyske bundesligaen to gonger og den tyske DFB-cupen to gonger. Han var òg med om å vinne siger i europacupen i 1988 med PSV Eindhoven. Han spelte 67 landskampar for Danmark, kor han skåra 10 mål. I perioden 1991-1992 var han trenar for Bayern München.
Merittar Nederlandsk seriemeister: 1977, 1979, 1980, 1982 og 1983 med Ajax og 1988 og 1989 med PSV Eindhoven Nederlandsk cupmeister: 1979 og 1983: med Ajax og 1988 med PSV Eindhoven Tysk seriemeister: 1985 og 1986 med Bayern München Tysk cupmeister: 1984 og 1986 med Bayern München 67 landskampar for Danmark Europacupvinnar: 1988 med PSV Eindhoven
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Søren Lerby» frå den 17. april 2020. National-football-teams
Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Ajax-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Monaco-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1984 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1986 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988