Blood, Sweat & Tears er det andre studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1968. Det vart ein salssuksess og gjekk til toppen av den amerikanske albumlista, der det låg i totalt sju veker. Det inneheldt òg tre hitsinglar, som alle nådde topp fem i USA. Albumet fekk Grammy-prisen for årets album i 1970 og selde til fleire gonger platinaplate, for eit sal på meir enn fire millionar i USA. I Canada låg albumet i alt åtte veker på toppen av albumlista.
Historie Bandleiaren Al Kooper og to andre medlemmar, Randy Brecker og Jerry Weiss, hadde slutta i Blood, Sweat & Tears etter det første albumet. Bobby Colomby og Steve Katz leita etter ein ny songar og valde David Clayton-Thomas. Tre musikarar til kom inn i bandet, som då var ni mann stort. Columbia sette James William Guercio (som samstundes arbeidde med det nye bandet Chicago) til å produsere albumet.
Songane var meir pop-orienterte enn på det første albumet med fleire coversongar. Albumet vart spelt inn i det då toppmoderne CBS Studios i New York City. Studioet hadde nettopp fått ein av dei første 16-sporsopptakarane, bygd av Ampex. Denne nye teknologien gjorde at bandet vart langt meir fleksible når det kom til overdubbing og miksing enn 4- og 8-sporsopptakarane som var standard i 1968. Albumet var blant dei første 16-sporsinnspelingane som vart gjevne ut.
Ein ekstra song, «Children of the Wind», vart spelt inn for albumet men kom ikkje med. Denne kom sidan ut på samleplata, The Very Best of Blood, Sweat and Tears: What Goes Up!.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv William Ruhlmann at musikarane var «mindre eventyrlege» enn på debutalbumet, men kalla albumet «meir lyttarvenleg. Det var repertoar å byggje ein karriere på, og Blood, Sweat & Tears gjorde nettopp det, sjølv om dei aldri nådde opp att til dette albumet.» Jon Landau skreiv for Rolling Stone og avviste albumet: «Lyttaren reagerer på illusjonen om at han høyrer noko nytt når han i røynda høyrer middelmåtig rock, OK jazz etc., kasta saman på ein forakteleg og føremålslaus måte.»
Albumet vart stemt fram på 660. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000). Albumet var òg med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
Side 1
Musikarar David Clayton-Thomas – solovokal, utanom der andre er nemnde Lew Soloff – trompet, flygelhorn Bobby Colomby – trommer, perkusjon, vokal Jim Fielder – bass Dick Halligan – orgel, piano, fløyte, trombone, vokal Steve Katz – gitar, munnspel, vokal, solovokal på «Sometimes In Winter» Fred Lipsius – altsaksofon, piano Chuck Winfield – trompet, flygelhorn Jerry Hyman – trombone, blokkfløyte Alan Rubin - trompet på «Spinning Wheel» (vikar for Chuck Winfield)
Produksjon Produsent: James William Guercio Lydteknikarar: Fred Catero, Roy Halee Arrangørar: Dick Halligan, Fred Lipsius, Al Kooper Plateomslag: Timothy Quay, Bob Cato Fotografi: Harrie George Design: John Berg
Salslister Album – Billboard (USA) ÅrListePlassering1969Pop Albums1
Album – UK Albums Chart (Storbritannia) ÅrListePlassering1969Top 40 Albums15 Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1969«You've Made Me So Very Happy» (3:26)B-side: «Blues – Part II» (5:26)Pop Singles21969«Spinning Wheel» (2:39)B-side: «More and More»Adult Contemporary11969«Spinning Wheel»Pop Singles21969«And When I Die» (3:26)B-side: «Sometimes In Winter»Pop Singles2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blood, Sweat & Tears (album)» frå , den 9. mai 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Blood, Sweat & Tears-album Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-album Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Grammy Hall of Fame Award