Michael Möllenbeck () var ein tysk tidlegare diskoskastar frå Wesel i Nordrhein-Westfalen. Han vann bronsemedaljen i øvinga ved VM 2001, EM 2002 og VM 2005. Möllenbeck sin personlege rekord på 67,64 meter er frå 2002.
Karriere Möllenbeck sitt fyrste diskoskast over 65 meter kom i 1995-sesongen, lengst nådde han i Bremen med 65,78 meter. Året etter i Jena forbetra han sitt personbeste til 67,44 m. I VM-finalen 2001 i Edmonton kasta han heile 67,61 m og tok bronsen i øvinga. Den 8. juni 2002 i Dortmund presterte Möllenbcek sitt livs lengste kast då diskosen landa på 67,64 meter. Seinare i sesongen fekk han bronsen ved EM i München og han vart tysk meister for fyrste gong. Sidan vann han den tyske meisterskapen i øvinga både i 2004 og 2005. Under verdsmeisterskapen i 2005 sikra han seg bronsen, året etter vart han femtemann i europameisterskapen.
Möllenbeck la opp i 2009.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (59,76 m =nr 16) OL 1996 i Atlanta: Utslått i kvalifiseringa (55,18 m =nr 35) VM 1999 i Sevilla: Nr 6 – 64,90 m OL 2000 i Sydney: Nr 10 – 63,14 m VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje – 67,61 m EM 2002 i München: Bronsemedalje – 66,37 m VM 2003 i Paris: Nr 5 – 66,23 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (59,79 m =nr 20) VM 2005 i Helsinki: Bronsemedalje – 65,95 m EM 2006 i Göteborg: Nr 5 – 64,82 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Michael Möllenbeck» frå , den 9. mai 2020.
Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004