Aarre Merikanto () var ein finsk komponist. Saman med Jean Sibelius og Einojuhani Rautavaara er han ein av dei viktige klassiske komponistane frå Finland. Han komponerte olympiafanfaren til sommarleikene i Helsingfors i 1952.
Liv Merikanto studerte musikk i Helsingfors (1911), i Leipzig (1912-1914) og i Moskva (1916-1917). Lærarane hans var Erkki Melartin i Helsingfors, Max Reger i Leipzig og Sergej Vasilenko i Moskva. I 1937 blei han lærar i musikkteori og komposisjon på Sibeliusakademiet og i 1951 blei han professor der.
Frå byrjinga komponerte Merikanto i romantisk stil, men med tida gjekkhan over mot ein meir moderne atonal stil. Han skreiv symfoniar, operaer, fiolinkonsertar, orkesterverk, klaverkonsertar, cellokonsertar og songar.
Utvalde verk
3 Symfonier 3 Klaverkonserter Juha – opera 3 Violinkonserter 2 Cello Konsert Sanger
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aarre Merikanto» frå , den 11. mai 2020.
Kategori:Finske komponistar Kategori:Folk frå Helsingfors