Walk On er det fjerde studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Boston, gjeve ut den 7. juni 1994 av MCA Records.Erlewine, Stephen Thomas. «Walk On - Boston». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 16. mai 2020. Det er det einaste albumet utan vokalisten Brad Delp, som kom inn att i albumet på den påfølgjande turneen for albumet.

Historie Etter suksessen med albumet Third Stage i 1986, byrja bandet å planlegge ein oppfølgjar og byrja å skrive songar i 1988. Men på grunn av aukande krangling og usemjer mellom gitariste og leiaren i bandet, Tom Scholz og songaren Brad Delp, slutta Delp i 1989 for å bli med i eit band i lag med den tidlegare Boston-gitaristen Barry Goudreau, kalla RTZ. Kort tid etter vart Fran Cosmo henta inn og introdusert som den nye songaren i bandet. Delp kom attende til Boston for å hjelpe til med å skrive songar og song solovokal på den påfølgjande Walk On Tour, men song ikkje på sjølve albumet. Delp og Cosmo song begge på det neste Boston-albumet, Corporate America.

Etter det kom ut nådde Walk On sjuandeplassen på Billboard 200 og gav ein hit, «I Need Your Love». Albumet selde til platinaplate i USA den 8. september 1994.[ Billboard Charting History - Walk On]. Henta on 16. mai 2020.

Dei siste åtte sidene av plateomslaget vart kalla «Walk On — Against Violence and Cruelty», og omhandla å forhindre vald i heimen og dyremishandling med kontaktinformasjon til mange organisasjonar, som National Coalition Against Domestic Violence og Humane Society.

Innhald

spor 4, 5, 6 og 7 er alle del av ein lang song («Walk On Medley»), men hadde forskjellige spor på CD-plata. «Walkin' at Night» og «Get Organ-ized» er instrumentalar. «Magdalene» vart opphavleg skriven av Pennsylvania-bandet Hybrid Ice.

Medverkande

Tom Scholz – gitar, bass, trommer, piano, orgel, klaverinstrument, clavinet, klapping, produsent, lydteknikar, arrangør, «moral støtte og snop» Fran Cosmo – solovokal Gary Pihl – gitar, klapping, assisterande lydteknikar David Sikes – bassgitar, korvokal, assisterande lydteknikar Doug Huffman – trommer Matt Belyea – klapping Bob Cedro – rytmegitar, spesialeffektar, klapping Tommy Funderburk – korvokal Sean Olsen - klapping, rytmegitar, fløyte Ted Jensen – mastering Ron Larson – design, illustrasjonar Andy Engel – konsept for plateomslaget

Salslister Liste (1994)PlasseringKanadiske album (RPM)10

Singlar ÅrSingelListePlassering1994«I Need Your Love»Mainstream Rock spor41994«I Need Your Love»The Billboard Hot 100511994«I Need Your Love»Top 40 Mainstream351994«Walk On Medley: Walk On»Mainstream Rock spor14

Salstrofé OrganisasjonNivåDatoRIAA – USAGull11. august 1994Platinum8. september 1994CRIA – CanadaGullJun 14, 1994PlatinumJun 14, 1994

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walk On (Boston album)» frå , den 16. mai 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Boston-album Kategori:Musikkalbum frå 1994 Kategori:Album produserte av Tom Scholz Kategori:MCA Records-album