Marie-Jeanne L'Héritier de Villandon () var ein fransk forfattar og salongvertinne frå aristokratiet seint på 1600-talet og tidleg på 1700-talet. Ho var niese av Charles Perrault.Jack Zipes, The Great Fairy Tale Tradition: From Straparola and Basile to the Brothers Grimm, s. 833, Ho skreiv dikt, romanar og eventyr.

L’Héritier gav ut tre eventyr tidleg i karrieren sin. Sjølv om ho skreiv få av desse seinare, var ho med på å markera byrjinga på interessa for eventyr blant preciositeten.Jack Zipes, The Great Fairy Tale Tradition: From Straparola and Basile to the Brothers Grimm, s. 834, Ho gav ut sitt første eventyr eit år før onkelen hennar gav ut den kjende eventyrsamlinga Les Contes de ma Mère l’Oye ('Gåsemoreventyr') i 1696.L'Adroite princesse, ou, Les aventures de Finette, Paris, Marie-Jeanne, 1664-1734 Ho var ein nær ven og protesjé av Madeleine de Scudéry, og arva salongen hennar etter at Scudéry døydde i 1701.Contes, Éd. Raymonde Robert, Paris, Champion, 2005

L'Héritier si deltaking i eventyrsjangeren reflekterer deltakinga hennar i salongverda. Ho, og mange av venane hennar og andre salongdeltakarar, som Madame d'Aulnoy og Henriette-Julie de Murat, var instrumentale i å skipa eventyr som ein litterær sjanger i lag med den kjende onkelen hennar Perrault.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marie-Jeanne L’Héritier» frå , den 19. mai 2020.

Bakgrunnsstoff Les Caprices du Destin ved Gallica Oeuvres meslées, contenant L'innocente tromperie, L'avare puni, Les enchantemens de l'éloquence, Les aventures de Finette, nouvelles , et autres ouvrages, en vers et en prose ved Gallica

Kategori:Eventyrforfattarar Kategori:Franske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1600-talet Kategori:Forfattarar frå 1700-talet Kategori:Salongvertar