Alan Sinclair Paterson () var ein britisk friidrettsutøvar frå Glasgow som vart europameister i høgdehopp 1950.

Aktiv Paterson vart andremann i høgdetevlinga då Friidretts-EM 1946 vart avvikla i Oslo. Den 3. august 1947 sette han landsrekord med 2,02 meter ved eit stemne i heimbyen Glasgow, på same høgda som vinnaren Bill Vessie frå USA. Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London enda Paterson på sjuandeplass. To år seinare var han den einaste som hoppa over 1,96 m ved EM i Brussel og vann dermed gull framom den allsidige svenske utøvaren Arne Åhman.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1946 i Oslo: Sølvmedalje – 1,96 m, bakom Anton Bolinder (1,99 m) OL 1948 i London: Nr 7 – 1,90 m EM 1950 i Brussel: Gullmedalje – 1,96 m, framom Arne Åhman (1,93 m) OL 1952 i Helsinki: Nr 24 – 1,80 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alan Paterson» frå , den 21. mai 2020.

World Athletics Arbeiderbladet 4.8.1947

Kategori:Britiske høgdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Folk frå Glasgow