Jüri Tamm () er ein estisk tidlegare politikar og sleggjekastar frå Pärnu. Som representant for Sovjetunionen vann han bronsemedaljen i sleggjekasting både under Sommar-OL 1980 og Sommar-OL 1988, samt sølvmedaljen ved VM 1987. Med eit kast på 80,46 meter var Tamm i 1980 verdsrekordhaldar i ni dagar.

Idrett Tamm sette verdsrekord i Leselidze den 16. mai 1980. Rekorden vart sletta allereie 23. mai av Sergej Litvinov, også han representant for Sovjetunionen. Under dei olympiske leikane i Moskva same sommaren vart Tamm tredjemann bak Jurij Sedykh og Litvinov. Etter nokre svakare sesongar kom Tamm sterkt tilbake i 1984. Han flytta sitt personbeste fleire gongar, sist til 84,40 meter i Banská Bystrica i september månad.

Under verdsmeisterskapen 1987 i Roma kneip Tamm sølvmedaljen framfor tyske utøvarar, gullvinnar Litvinov var i ei eiga klasse. Året etter fekk Tamm bronsen i øvinga under OL i Seoul, Litvinov og Sedykh var framleis i eiga klasse. Tamm kom på femteplass i Sommar-OL 1992, der representerte han heimlandet Estland.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Bronsemedalje – 78,96 m VM 1987 i Roma: Sølvmedalje – 80,84 m, bakom Sergej Litvinov (83,06 m) OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje – 81,16 m OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 77,52 m EM 1994 i Helsinki: Nr 23 – 68,46 m VM 1995 i Göteborg: Nr 17 – 72,66 m OL 1996 i Atlanta: Nr 26 – 73,16 m

Politikk Tamm vart i 1999 vald til parlamentsmedlem i Estland og attvald i 2003. Han representerte sosialdemokratane (SDE).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jüri Tamm» frå , den 27. mai 2020.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske sleggekastarar Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen