mini|Rekonstruksjon av skallen til piltdownmennesket mini|Portrett frå 1915 malt av John Cooke. Bak, frå venstre: F.O. Barlow, G. Elliot Smith, Charles Dawson, Arthur Smith Woodward. Føre: A.S. Underwood, Arthur Keith, W.P. Pycraft og Ray Lankester. Piltdownmennesket eller piltdownmannen er ei vidkjend forfalsking som består av delar av ein skalle og underkjeve. Desse skal ha vorte funnen i eit grustak nær Piltdown ved Uckfield i East Sussex i 1912. Mange av ekspertane på den tida trudde at fragmenta var dei fossiliserte leivningane av ein til då ukjend form for tidleg menneske. Det vitskaplege namnet Eoanthropus dawsoni («Dawsons daggry-mann», etter samlaren/arkeologen Charles Dawson) vart gjeve til spesimenet.
Tydinga av funnet var omstridd fram til forfalskninga vart offisielt avsløra i 1953. Kjevebeinet viste seg å tilhøyra ein orangutang og var sett saman med nokre sjimpanse-tenner og skallen til eit fullt utvikla moderne menneske.
Piltdown-forfalskninga er ein av dei mest kjende arkeologiske forfalskingane i historia. Ho har vore framståande av to grunnar: merksemda som har vorte gjeve temaet menneskeleg evolusjon og den lange tida som gjekk (meir enn 40 år) før forfalskningen vart offisielt og endeleg avsløra.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Piltdownmennesket» frå , den 3. juni 2020.
«Vil oppklare hundre år gammelt forskerjuks», fra NRK 16. desember 2012 «Mannen som lurte verden», fra NRK 14. august 2016
Bakgrunnsstoff
Om Piltdown-mennesket før forskingsjukset vart avsløra
Om «Missing link» i Salmonsens konversationsleksikon (1924) Om Eoanthropus Dawsoni i artikkelen «Människan» i Nordisk familjebok (1925)
Kategori:Oppdikta dyr Kategori:Pseudoarkeologi