John Anthony Helliwell () er ein engelsk musikar og saksofonist og blåseinstrumentalist for rockebandet Supertramp. Han har òg vore seremonimeister på konsertane til bandet og snakka og spøkt med publikum mellom songane.
Helliwell spelte med The Alan Bown Set, der han erstatta Dave Green i januar 1966 før han kom inn i Supertramp i 1973 i lag med bassist Dougie Thomson, som overtydde Helliwell om å bli med. I 2004 skipa Helliwell bandet Crème Anglaise i lag med Mark Hart, som kom med i Supertramp i 1985. Denne gruppa spelte inn eit sjølvoppkalla debutalbum i 2005.
I 1987 spelte Helliwell på Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason, der namnet hans var feilskrive som «Halliwell».A Momentary Lapse of Reason Dette skjedde etter at Pink Floyd-gitaristen David Gilmour hadde spelt på Supertramp-albumet Brother Where You Bound. Helliwell spelte òg med den franske songaren Jean-Jacques Goldman i 1985 på albumet Positif.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «John Helliwell» frå , den 12. juni 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske rockesaksofonistar Kategori:Britiske saksofonistar Kategori:Supertramp-medlemmar Kategori:Folk frå Todmorden Kategori:The Alan Bown Set-medlemmar