miniatyr|Kart over Konstantinopel frå 1422 miniatyr|Seksjon av forsvarsmuren rundt Konstantinopel frå mellomalderen miniatyr|Interiør frå Hagia Sofia-katedralen i Konstantinopel Austromerske keisarar er eit oversyn over romerske keisarar i tida etter at keisar Konstantin den store gav byen Konstantinopel status som hovudstad i Romarriket i 330. Frå 330 til 395 styrte keisarane heile Romarriket derfra. I 395 døydde keisar Theodosius den store og imperiet blei permanent delt i to med Theodosius' to sønner som keisar i hvert sitt rike, Vestromarriket og Austromarriket. Vestromarriket gjekk til grunne under dei store folkevandringane på 400-talet og er rekna som endeleg knust då den germanske leiaren Odovakar tok over makta i 476.
Sjølv om det katolske Vest-Europa anerkjende Austromarriket som arvtakar til Romarriket i fleire hundreår, krona pave Leo III likevel kongen av frankarane, Karl den store, til romersk keisar den 25. desember 800. Dette markerte danninga av Det heilage tysk-romerske riket, og det skjedde etter kroninga av keisarinne Irene i Austromarriket. Ifølge pavekyrkja kunne ikkje ei kvinne vera verdig eller ha rett på keisartrona. Det endelege brotet mellom den katolske pavekyrkja og den ortodokse kyrkja kom med det store skismaet i 1054.
I perioden 1204 til 1261 var Konstantinopel okkupert av styrkar frå Det fjerde krosstoget, og riket blei omtalt som Det latinske riket. Det oppsto då tre statsdanningar, keisarriket Nikea, Despotatet Epirus og Trapezunt-riket, som alle hevda å vera arvtakarar etter Austromarriket. Lista omfattar keisarar i alle desse rika. I 1261 inntok keisaren av Nikea Mikael VIII Palaiologos Konstantinopel og imperiet var gjenoppretta. I 1453 blei Konstantinopel erobra av Det osmanske riket, og Austromarriket blei aldri gjenoppretta.
Lista omfattar ikkje talrike medkeisarar i Austromarriket (Det bysantinske riket) som aldri oppnådde status som seniorkeisar eller blei eineherskarar. Før Herakleios bar keisarane dei latinske titlene som hadde blitt del av keisarvyrdet i løpet av åra; Imperator cæsar ... augustus. Herakleios braut med den gamle tradisjonen og innførte gresk som offisielt språk i keisarriket i 620, og med dette tok han den greske tittelen Βασιλεύς (Basilevs), som tydde eineherskar. Alle bysantinske keisarar såg på seg sjølv som romerske keisarar. «Bysants» var det gamle namnet på byen (grunnlagt 657 f.Kr.) som Konstantin bygde om og døypte om til Konstantinopel, og som han gjorde til hovudstad i 330. Omgrepet «bysantinsk» blei først nytta i vestleg historiografi mykje seinare, på 1500-talet.
Lista er i hovudsak basert på lister i Bysants' historie (1997) av John Julius Norwich (s. 394-397) og Encyclopædia Britannica Online. Namneformer kan avvika ein del, og dei ulike kjeldene kan ha nytta ulike tilnamn og slektsnamn.
Tidslinje Oversynet viser dei austromerske keisarar frå Konstantin den store flytta hovudstaden for Romarriket frå Roma til Konstantinopel i 330 til Konstantin XI Palaiologos fall i kamp mot osmanarane i 1453.
TidsperiodeNamn på riketMerknad 330–395 Romarriket Keisaren av Romarriket styrte periodevis heile Romarriket med Konstantinopel som hovudstad. 395–1204 Austromarriket Romarriket var delt i eit vestrike og eit austrike. Vestromarriket gjekk til grunne i 476, men gjenoppsto som Det tysk-romerske riket i 800. 1204–1261 Det latinske riket Danna etter at Det fjerde krosstoget inntok Konstantinopel. 1204–1261 Keisarriket Nikea Eksilriket til keisarane som blei fordrivne frå Konstantinopel. 1205–1479 Despotatet Epirus Konkurrerande eksilrike medan krossfararane okkuperte Konstantinopel. 1204–1461 Trapezunt-riket Oppretta i kjølvatnet av krossfararerobringa. 1261–1453 Austromarriket Gjenoppretta då styrkar frå Nikea gjenerobra Konstantinopel.
Det konstantinske dynastiet (324–363)
NamnRegjeringstidMerknad 80px Konstantin den storeGresk Κωνσταντῖνος Αʹ ὁ ΜέγαςLatin Gaius Flavius Valerius Aurelius Constantinus 324–337 Han innførte kristendommen som religiøs tru i riket, og flytta hovudstaden frå Roma til byen som fekk namnet hans – Konstantinopel – i 330. 80px Konstantius IIGresk Κωνστάντιος [Βʹ]Latin Flavius Iulius Constantius 337–361 Son av Konstantin den store. Då Konstantin døydde blei riket delt mellom dei tre sønene hans, og Konstantius II overtok Austromarriket. Konstantin II fekk kontrollen i Gallia, medan Konstans fekk Italia med omland. 80px Julian den fråfalneGresk Ἰουλιανὸς ὁ ΠαραβάτηςLatin Flavius Claudius Iulianus 361–363 Han blei fødd i mai 332 og var barnebarn av Konstantius I Klorus og fetter av Konstantius II. Han blei utropt til keisar av armeen sin i Gallia og blei legitimt keisar då Konstantius II døydde. Julian blei drepen i krig mot Sasanideriket (Persarriket) i 363. Tilnamnet «den fråfalne» viser til at han fornekta den kristne true (som den siste av dei romerske keisarane) og vedkjende seg til tradisjonell romersk religion.
Ikkje noko dynasti NamnRegjeringstidMerknad 80px JovianusGresk ἸοβιανόςLatin Flavius Iovianus Augustus 363–364 Fødd i 331. Militær bakgrunn og kommandant for elitestyrkane i aust. Han blei noko overraskande utnemnd til keisar då Julian døydde plutseleg og det var behov for å kunne møte den militære trugselen frå persarane raskt.
Det valentinske dynastiet (364–392)
NamnRegjeringstidMerknad 80px Valentinian ILatin Flavius Valentinianus Augustus 364–375 Fødd i 321 i Kroatia. Son av general Gratianus Major og bror til keisar Valens. Den siste av dei romerske keisarane som hadde de facto kontroll over heile Romarriket. Styrte sjølv hovudsakleg dei vestlege provinsane, medan medkeisarane hans (Valens, Gratian) etterkvart styrte andre provinsar og delar av riket. 80px ValensLatin Flavius Iulius Valens Augustus 364–378 Fødd i 328 og var soldat i den romerske hæren. Han blei utpeikt til keisar i Austromarriket av den eldre bror sin Valentinian I. Han blei drepen under gotarane si omleiring av Konstantinopel i 378. 80px GratianLatin Flavius Gratianus Augustus 378–379 Fødd i 359 som eldste son av Valentinian I. Han var den første keisar om vedkjende seg til kristendommen slik han var formulert ved Konsilet i Nikea i 325 og seinare ved Konsilet i Konstantinopel i 381. 80px Valentinian IILatin Flavius Valentinianus Augustus 375–392 Fødd i 371 og utropt til keisar berre fire år gammel. Han utøvde i lita grad makten sjølv; den reelle makta låg hjå medregentar og hjå generalane. Han blei drepen eller tok livet sitt 19 år gammal.
Det theodosiske dynastiet (395–457)
Frå 395 blei Romarriket permanent delt i eit sjølvstendig vestrike og eit sjølvstendig austrike med hovudsete i Konstantinopel fram til 1204. NamnRegjeringstidMerknad 80px Theodosius I den storeGresk Θεοδόσιος Αʹ ὁ Μέγας,LatinFlavius Theodosius Augustus 379–395 Fødd 11. januar 347, aristokrat og militær leiar, svoger til Gratian, som utnemnde han som keisar i Austromarriket. Frå 392 til han døydde var han romersk einekeisar, og den siste som regjerte over heile Romarriket før det blei delt mellom dei to sønene hans. 80px ArcadiusGresk ἈρκάδιοςLatin Flavius Arcadius 395–408 Fødd i 377 eller 378 som eldste son av Theodosius I. Då Theodosius I døydde i 395, blei det romerske riket permanent delt mellom Austromarriket, også kjent som Det bysantinske riket, og Vestromarriket. Den eldste sonen hans Arcadius blei keisar i aust, mens den yngste sonen hans Honorius blei keisar i vest. 80px Theodosius IIGresk Θεοδόσιος ΒʹLatin Flavius Theodosius 408–450 Fødd 401 som einaste son av Arcadius og blei keisar etter at faren døydde. Flavius Anthemus var regent for den mindreårige keisaren frå 408 til 414. Theodosius døydde etter ei rideulykke i 450. 80px Aelia PulcheriaGresk Αἰλία ΠουλχερίαLatin Aelia Pulcheria 450–453 Fødd 398 eller 399, dotter av Arcadius, regjerte saman med ektemannen Markian som keisarinne fram til ho døydde i 453. 80px MarkianGresk ΜαρκιανόςLatin Flavius Marcianus Augustus 450–457 Fødd i 396. Soldat og politikar som gifta seg med Aelia Pulcheria, systera til Theodosius II. Regjerte saman med kona frå 450 og som einekeisar etter at Pulcheria døydde i 453.
Det leoninske dynastiet (457–518)
NamnRegjeringstidMerknad 80px Leo I den storeGresk Λέων Αʹ ὁ Θρᾷξ, ὁ Μακέλλης, ὁ ΜέγαςLatin Flavius Valerius Leo 457–474 Fødd i Dacia i Trakia ca. 400, og av bessiansk opphav. Han gjorde militær karriere og blei utnemnd til keisar av den gotiske militærkommandøren Aspar då Markian døydde. Han var den første keisaren som blei krona av patriarken av Konstantinopel. 80px Leo IIGresk Λέων Βʹ ὁ ΜικρόςLatin Flavius Leo 474 Fødd ca. 467, han var barnebarn av Leo I og son av Leo si dotter Ariadne og mannen hennar Zenon. Utropt til cæsar og deretter medkeisar hausten 473, like etter kroninga hans som Leo II blei faren Zenon utnemnd til regent og krona til medkeisar. Leo II døydde kort tid etter, kanskje forgifta. 80px ZenonGresk ΖήνωνLatin Flavius Zeno 474–491 Fødd ca. 425 i Isauria, namnet hans frå fødselen var Tarasicodissa. Han gjorde militær karriere under Leo I og gifta seg med dottera hans Ariadne. Han blei medkeisar saman Leo II i 474 og einekeisar etter at denne døydde same året. Han ledia riket gjennom dei store utfordringane under folkevandringstida, og under hans regjeringstid i Konstantinopel fall Vestromarriket. 80px BasiliskosGresk ΒασιλίσκοςLatin Flavius Basiliscus 475–476 General og svoger til Leo I, prøvde å styrta Zenon, men Zenon kom tilbake året etter. Han avsette Basiliskos, fengsla han og fekk han drepen. 80px Anastasios IGresk Ἀναστάσιος Αʹ ὁ ΔίκοροςLatin Flavius Anastasius 491–518 Fødd ca. 430. Han var embetsmann og blei utvald til å gifta seg med Zenon si enke Ariadne, og blei deretter keisar. Han reformerte skattesystemet og mynteininga, og klarte gjennom ei nøysom forvaltning å betra økonomien i riket. Under styret hans gjorde bulgararane sine første framstøyt mot riket. Anastasios døydde barnlaus, og det leoninske dynastiet mista makta.
Det justinske dynastiet (518–602)
NamnRegjeringstidMerknad 80px Justinus IGresk Ἰουστῖνος ΑʹLatin Flavius Iustinus 518–527 Fødd ca. 450 i Bederiana. Han var offiser i militæret og kommanderte livvakta til Anastasios I. Då Anastasios døydde blei han utpeikt av hæren og folket til å overta som keisar. 80px Justinian I den storeGresk Ἰουστινιανὸς Αʹ ὁ ΜέγαςLatin Flavius Petrus Sabbatius Iustinianus 527–565 Fødd i 482 eller 483 og var nevø av Justinus I. Han blei sannsynlegvis medkeisar 1. april 527 og einekeisar då Justinus døydde. Han gjenerobra store delar av dei vestlege områda til riket i Italia, Spania og Nord-Afrika. Han var også mannen bak Corpus juris civilis, dei sivilrettslege lovane som har påverka seinare lovar i mange europeiske land. 80px Justinus IIGresk Ἰουστῖνος ΒʹLatin Flavius Iustinus Iunior 565–578 Fødd ca. 520, nevø av Justinian I og overtok etter han med støtte frå hæren og senatet. Han blei sinnsjuk og imperiet blei styrt av regentar, først kona si Sophia, deretter den seinare keisaren Tiberius II Konstantin. 80px Tiberius II KonstantinGresk Τιβέριος ΒʹLatin Flavius Tiberius Constantinus 578–582 Fødd ca. 535. Han hadde militær bakgrunn og var adoptivson av Justinus II. Han blei regent i 574 då Justinus blei sjuk, og overtok som keisar etter han. 80px MaurikiosGresk ΜαυρίκιοςLatin Flavius Mauricius Tiberius 582–602 Fødd i 539 i Kappadokia. Han var general i hæren, blei gift med dottera til Tiberius II Konstantin og overtok som keisar etter han. Han blei avsett etter eit kupp av Fokas tyrannen og avretta 27. november 602.
Ikkje noko dynasti (602–610) NamnRegjeringstidMerknad 80px Fokas tyrannenGresk ΦωκᾶςLatin Flavius Phocas 602–610 Han var offiser i Balkan-hæren og leia eit opprør i 602 der keisar Maurikios blei avsett og avretta. Han førte eit diktatorisk styre og blei meir og meir upopulær til han blei avsett og avretta av Herakleios i 610.
Det herakliske dynastiet (610–695)