Bløding (medisinsk kalla hemoragi) er tap av blod frå sirkulasjonssystemet. Det kan oppstå når eit blodkar blir øydelagt internt, eller frå ein naturleg opning som vagina, munnhola eller rektum, eller frå eit kutt i huda.

Små blødingar stoppar som regel av seg sjølv ved at blodet koagulerer. Større blødingar eller problem med koaguleringa kan derimot vera alvorlege og i nokre høve livstrugande.

Sjå òg Blødarsjuke Nasebløding Menstruasjon Menoragi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Blødning» frå , den 19. juni 2020.

Kategori:Kardiologi Kategori:Fysiologi