Europameisterskapen i handball 2020 for kvinner, den 14. i rekka, vart avvikla i dagane frå 3. til 20. desember 2020 i Danmark. 16 land deltok i turneringa. Opphavleg vart meisterskapen tildelt Danmark og Noreg under European Handball Federation sin kongress i Dublin 20. september 2014, men 16. november 2020 måtte Noreg seie frå seg arrangørjobben på grunn av koronapandemien. Den 23. november 2020 vart det stadfesta at Danmark skulle arrangere heile meisterskapen. Kampane vart spelt i Jyske Bank Boxen i Herning og i Sydbank Arena i Kolding.

Arenaer Opphavleg var det planlagt at meisterskapen skulle haldast i fem arenaar i fem byar; Herning og Fredrikshavn i Danmark og Oslo, Stavanger og Trondheim i Noreg. Den 8. september 2020 vedtok forbundsstyret i NHF at alle kampane i Noreg skal spelast i Trondheim Spektrum. Opphavleg var planen at berre det innleiande gruppespelet skulle spelast i Trondheim, mens hovudrunden skulle spelast i Stavanger idrettshall og finalerunden i Telenor Arena. Som følgje av koronapandemien, vart det planlagt eit makstal på 200 tilskodarar ved kvar kamp. Som følgje av dette vart kampane samla til éin by for å minimere utgifter, reiser, logistikk og smitterisiko.

Det danske handballforbundet og EHF annonserte 6. november 2020 at det ikkje kunne spelast kampar i Fredrikshavn, på grunn av nedstenginga av samfunnet i Nordjylland i samband med koronaviruspandemien. Alle kampane vart flytta til Herning. Ti dagar seinare, 16. november 2020, annonserte Norges Håndballforbund at meisterskapen ikkje kunne spelast i Noreg, på grunn av pandemien. Ei veke seinare, 23. november 2020, vart det stadfesta at Danmark skulle arrangere heile meisterskapen. Kampane i innleiande runde og hovudrunden, som skulle spelast i Trondheim, vart spelt i Sydbank Arena i Kolding.

Herning Kolding Jyske Bank BoxenKapasitet: (begrensa til 500) Sydbank ArenaKapasitet: (begrensa til 500)

Innleiande runde Gruppe A

Gruppe B

Gruppe C

Gruppe D

Hovudrunden Gruppe I

Gruppe II

Sluttspelet Kamp om 5.-plassen

Semifinalar

Bronsefinale

Finale

Sjå òg Handball-EM 2020 for menn

Referansar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Håndball-EM 2020 for kvinner» frå , den 19. juni 2020.