Snøsau (Ovis nivicola) er ein villsauart i slekta Ovis. Han kjem frå fjellområde i Sibir. Arten finst i Nordaust-Sibir frå Lena-elva til Tsjukotka og Kamtsjatka. Ein underart, Ovis nivicola borealis, lever isolert frå dei andre typane i Putoranfjella sentralt i Sibir.Harris, R.B. & Tsytsulina. K. 2008. Ovis nivicola. The IUCN Red List of Threatened Species 2008: e.T15740A5076357. Henta 24. juni 2020.
Snøsau blir 160–180 cm og 90–100 cm høg i mankehøgd. Hoer veg 60–65 kg og hannar 90–120 kg. Han har mørkebrun pels. Dei er nært i slekt med dei nordamerikanske artane tynnhornsau og tjukkhornsau, men har mindre horn enn tjukkhornsau.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Ovis nivicola, Snow Sheep, on ultimateungulate.com
Kategori:Ovis Kategori:Pattedyr i Russland Kategori:Sibir