Heino Puuste () er ein estisk tidlegare friidrettsutøvar som i 1982 vann EM-sølv i spydkast som representant for Sovjetunionen.
Aktiv Puuste høyrde med i verdseliten i spydkasting frå 1980 til 86. 29. mai 1980 sette han personbeste i Helsinki med eit kast 89,32 meter. To månader seinare kasta han spydet 86,10 meter under OL-finalen og vart fjerdemann i tevlinga. Sist i juni 1982 forbetra Puuste seg i Cottbus til 90,32 m då Aust-Tyskland møtte Sovjetunionen til landskamp. Seinare i same sesongen sikra han seg sølvmedaljen ved europameisterskapen i Aten.
Under landskampen mellom Storbritannia og Sovjetunionen i Birmingham den 5. juni 1983 sletta Puuste den sovjetiske spydrekorden då han vann spydtevlinga. Med eit kast på 94,20 meter forbetra han landsrekorden til Jānis Lūsis med 40 cm. I den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i august månad enda Puuste på fjerdeplass. OL-sesongen 1984 kasta Puuste 91,86 m som best, men deltok ikkje i Los Angeles då Sovjetunionen boikotta leikane.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1980 i Moskva: Nr 4 – 86,10 m EM 1982 i Aten: Sølvmedalje – 89,56 m, bakom Uwe Hohn (91,34 m) VM 1983 i Helsinki: Nr 4 – 84,56 m EM 1986 i Stuttgart: Nr 5 – 80,34 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Heino Puuste» frå , den 6. juli 2020.
World Athletics
Kategori:Estiske spydkastarar Kategori:Sovjetiske spydkastarar Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1980 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1980