Rockface er det 79. albumet totalt og det 13. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve 18. desember 2003 som eit dobbeltalbum.
Albumet inneheld eit konsertopptak frå 24. september 1988 frå San Francisco, under den nordamerikanske turneen deira, og i motsetnad til mange av konsertalbumet deira, er det nærast urørt i studio.
Det fanst fleire piratkopiutgåver av albumet. På den første plata manglar det kring tre minutt med musikk i sporet «Parabola», som i følgje TDI, plateselskapet til Tangerine Dream, kom av at lydteknikaren måtte skifte lydband.
Mykje av musikken består av komposisjonar frå albumet Optical Race (1988), som turneen marknadsførte. Det inneheld òg versjonar av spor frå Phaedra (1974) og Logos Live (1982), og somme spor frå komande filmmusikkalbum som Miracle Mile, Destination Berlin (begge 1989) og Canyon Dreams (1991), i tillegg til nokre nye komposisjonar som ikkje finst på andre album.
I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.
Innhald
Medverkande Edgar Froese – klaverinstrument Paul Haslinger – klaverinstrument Ralf Wadephul – klaverinstrument
Kjelder
Kategori:Konsertalbum frå 2003 Kategori:Konsertalbum av Tangerine Dream