Leevan Sands () er ein bahamansk tresteghoppar frå Nassau. Han vann bronsemedaljen i øvinga i VM 2003 og i OL 2008.

Aktiv Våren 2002 sette Sands personleg rekord med eit tresteghopp på 17,50 meter under eit stemne i Odessa i delstaten Texas i USA. Han vart tredjemann i øvinga i så vel samveldeleikane 2002 i Manchester, som under verdsmeisterskapen 2003 i Paris/Saint-Denis. I VM 2005 vart Sands nummer fire, ein centimeter bak bronsemedaljør Marian Oprea frå Romania.

Under OL-finalen 2008 presterte Sands i tredje omgang sitt livs lengste tresteghopp på 17,59 meter. Med det hoppet vann han bronsen, 8 cm bak Nelson Évora og 3 cm bak Phillips Idowu. I dei komande store meisterskapane enda han som nummer 4 i VM 2009, nummer 7 i VM 2011 og nummer fem i OL 2012.

mini|Leevan Sands i hoppet Doping I februar 2006 testa Sands positivt på middelet levometamfetamin og vart straffa med seks månaders utestenging frå idretten grunna brot på doping-vedtektene.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2003 i Paris: Bronsemedalje – 17,26 m OL 2004 i Aten: Utslått i kvalifiseringa (16,35 m=nr 27) VM 2005 i Helsinki: Nr 4 – 17,39 m VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (16,53 m=nr 21) OL 2008 i Beijing: Bronsemedalje – 17,59 m VM 2009 i Berlin: Nr 4 – 17,32 m VM 2011 i Daegu: Nr 7 – 17,21 m OL 2012 i London: Nr 5 – 17,19 m VM 2015 i Beijing: Nr 10 – 16,88 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (16,53 m=nr 18)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Leevan Sands» frå , den 26. juli 2020.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Bahamanske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Bahamas Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016