Dei kusjittiske språka utgjer ei grein av dei afroasiatiske språka og blir snakka på Afrikas horn. Dei mest kjende kusjittiske språka er oromo (med 26 mill. talararEthnologue om Oromo http://www.ethnologue.com/language/gaz) og somali (med 16 mill. talararEthnologue om Somali http://www.ethnologue.com/language/som).
Språkfamilien har fått namn etter den bibelske figuren Kusj etter modell frå semittiske språk.
Inndeling Dei kusjittiske språka kan grupperast på denne måten:
Sentralkusjittisk Austsentralkusjittisk Xamtanga Nordsentralkusjittisk Bilen Sørsentralkusjittisk Awngi Kunfal Vestsentralkusjittisk Qimant Austkusjittisk (34 språk) Nordkusjittisk Bedawi Sørkusjittisk Aasáx Burunge Dahalo Gorowa Iraqw Alagwa Kw'adza
Tradisjonelt rekna ein også omotiske språk som kusjittiske, men desse er gruppert som ein eigen familie i nyare språkforsking.
Referansar
Kategori:Afroasiatiske språk Kategori:Språk i Afrika Kategori:Språkfamiliar