Hezekiél Sepeng () er ein sørafrikansk tidlegare mellomdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 800 meter under OL 1996 i Atlanta og under VM 1999 i Sevilla.

Aktiv Sepeng sette personleg rekord med 1.42,74 då han vart andremann etter Vebjørn Rodal på 800-meterfinalen under dei olympiske sommarleikane i Atlanta 31. juli 1996. Dermed vart han den fyrste svarte sørafrikanaren som tok ein olympisk medalje. Tre år etter OL sikra Sepeng seg ein ny sølvmedalje på spesialdistansen, ved verdsmeisterskapen 1999 slått med fattige 0,02 sekund av kenyansk-danske Wilson Kipketer. Berre fem dagar etter VM-finalen sprang Sepeng ved eit stemne i Brussel sitt livs fortaste 800 meter, tida 1.42,69 gav andreplass etter Kipketer.

Sepeng kom på fjerdeplass i OL-finalen 2000, ei tevling som utvikla seg til eit lureløp og der tyske Nils Schumann overraskande vann. Sepeng tok seg til finalen på 800 meter både under VM 2001, VM 2003 og OL 2004, utan å kunne melde seg på i medaljestriden i nokon av tevlingane.

Doping Våren 2005 testa Sepeng positivt på dopingmiddelet nandrolon. Han vart stengt ut frå friidretten i 2 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 1.45,64 VM 1995 i Göteborg: Utslått i semifinalane (1.49,58=nr 12) OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 1.42,74, bakom Vebjørn Rodal (1.42,58) VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (1.47,00=nr 15). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.00,2) VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 1.43,32, bakom Wilson Kipketer (1.43,30) OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 1.45,29 VM 2001 i Edmonton: Nr 8 – 1.46,68 VM 2003 i Paris: Nr 7 – 1,45,74 OL 2004 i Aten: Nr 6 – 1.45,53

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hezekiél Sepeng» frå , den 30. juli 2020.

Bakgrunnsstoff

World Athletics

Kategori:Sørafrikanske mellomdistanseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Afrika Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Dopingsaker i friidrett