John McKay er ein engelsk låtskrivar og gitarist. Han er mest kjend som gitarist for Siouxsie and the Banshees, derh an var medlem frå juli 1977 til september 1979. Han spelte «taggete, uortodokse akkordar», og skapte eit «metallskår-skrik» med gitaren sin. Magasinet Q plasserte spelinga til McKay på «Hong Kong Garden» på lista si over dei 100 beste gitarsongane gjennom tidene. Han spelte inn to studioalbum med gruppa, debutalbumet The Scream i 1978 og det neste albumet Join Hands i 1979.

McKay har blitt omtalt som ei inspirasjonskjelde av fleire gitaristar som Geordie Walker, Steve Albini, Thurston Moore, Johnny Marr, Jim Reid, Kevin Shields og Boz Boorer.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John McKay» frå , den 12. august 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Britiske rockegitaristar Kategori:Britiske gitaristar Kategori:Siouxsie and the Banshees-medlemmar Kategori:Britiske punkrock-gitaristar Kategori:Britiske post-punk-musikarar