Arthur John Rees () var ein australsk forfattar av kriminal- og fantasybøker.
Liv og virke Arthur J. Rees vart fødd i forstaden St. Kilda i Melbourne i Australia, og var ei kort tid journalist i avisa The Age i heimbyen før han utvandra til New Zealand og fekk arbeid i staben til The New Zealand Herald. Han flytta til England i 1911. Under den første verdskrigen var han korrespondent for London Times, så flytta han permanent til London på 1920-talet og skreiv regelmessig artiklar for Evening Standard. Rees budde siste del av livet i Worthing i West Sussex, der han døydde i 1942.
I 1913 gav han ut den første boka si, ein eventyrroman, The Merry Marauders, som skildrar ein uhellsråka omreisande teatertrupp på New Zealand først på 1900-talet. I 1916 kom den første av to kriminalromanar han skreiv i samarbeid med John Rea Watson, og med inspektør Crewe som hovudpersonen.
Deretter skreiv han åleine fleire detektivseriar. David Colwyn, ein anglo-amerikansk privatetterforskar, er hovudpersonen i mystiske skrekkforteljingar, som The Shrieking Pit (1919), ei forteljing som er stadsett i ein liten isolert hamneby i Norfolk.
Dei åtte sakene til inspektør Lucraft i Scotland Yard er sette opp i den meir konvensjonelle «kven gjorde det»-stilen. I Simon of Hangletree (1926) møter Luckraft karakteren Colwin Gray, som sjølv er helten i to romanar og i ei samling på ti noveller. Somme av bøkene hans er omsette til tysk og fransk.
Bibliografi
Politiserien, inspektør Crewe:
The Hampstead Mystery (1916), i samarbeid med John Rea Watson. The Mystery of the Downs (1918), i samarbeid med John Rea Watson.
David Colwyn detektiv-serie: The Shrieking Pit (1919) The Hand in the Dark (1920)
Politiserien, inspektør Luckraft: Island of Destiny (1923) Simon of Hangletree (1926), karakteren Colwin Gray viser seg første gong i denne romanen. The Pavilion by the Lake (1930) The Tragedy of Twelvetrees (1931) The River Mystery (1932) Aldringham's Last Chance (1933) The Corpse That Traveled (1938) The Single Clue (1940)
Politiserien, Colwin Gray: The Threshold of Fear (1925) Greymarsh (1927)
Andre romanar: The Merry Marauders (1913) The Moon Rock (1922) Cup of Silence (1924) The Unquenchable Flame (1926) The Finger of Death (1926) Love Me Anise (1928) The Brink (1931) The Swaying Rock (1931) Peak House eller Mystery at Peak House (1933) The Flying Argosy (1934)
Novellesamling: The Investigations of Colwin Grey (1932)
Andre utgjevingar Old Sussex and Her Diarists(1929)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Arthur J. Rees» frå , og «Arthur J. Rees» frå den 23. august 2020.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Verk av eller om Arthur J. Rees på Internet Archive Verk av Arthur J. Rees på lydboktenesta Librivox
Kategori:Australske forfattarar Kategori:Engelske forfattarar Kategori:Kriminallitteratur Kategori:Fantasy-litteratur Kategori:Folk frå Melbourne