Monica Westén () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Huddinge. Ho var ein allsidig utøvar som ved europameisterskapen 1990 vann bronsen på spesialøvinga 400 meter hekk.

Aktiv Westén var i sitt livs form i 1990-sesongen. I juni sette ho svensk rekord i sjukamp med 6 085 poeng ved Götzis-stemnet, ein rekord som stod i over 10 år til dess Carolina Klüft sletta den. I august månad sette Westén personleg rekord den 13. på 400 meter hekk med 54,69 sekund og den 18. i høgdehopp med 1,89 meter. Før same sommarmånaden var over, vann ho bronsen på langhekken ved EM i Split.

Åra frå 1987 til 1997 vart Westén svensk meister åtte gongar i 400 meter hekk, fire gongar i sjukamp, tre gongar i høgdehopp, to gongar på 400 meter og ein gong i 100 m hekk, til saman 18 SM-gull i individuelle tevlingar. Personbeste i øvingane var 13,56 sekund på korthekken, 54,69 sekund på langhekken, 53,43 sekund på 400 m, 1,89 meter i høgdehopp og 6 085 poeng i sjukamp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1990 i Split: Bronsemedalje i 400 m hekk – 54,75 VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (55,51=nr 11) OL 1992 i Barcelona: Utslått i forsøket på 400 m hekk (56,68=nr 18) VM 1993 i Stuttgart: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (55,88=nr 16) EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (56,38=nr 11)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Monica Westén» frå , den 26. august 2020.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Svenske hekkeløparar Kategori:Svenske mangekjemparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992